Aktuelt
Klikk på idretten din for å filtrere ut nytt frå di idrettsgrein:
Ingen turntrening i vinterferien
Veke 8, 20. – 28. februar er det vinterferie og dermed ingen turntreningar.
Årsmøte turn 2023
Styret i Sogndal idrettslag turn kallar med dette inn til årsmøte i Sogndal turn, 9. mars kl 18:00. Sjå sakliste her.
SSF Cup Hodlekverennet, 15. januar
Søndag 15. januar klokka 12 går SSF Cup Hodlekverennet av stabelen i Sogndal skisenter - Hodlekve.
Turn: Juleshow 2022
Sogndal Turn inviterer til juleshow i hallen på Vesterland onsdag 30. november kl 18:00. Det blir en hyggelig kveld hvor alle partier skal vise seg frem.
Grasrottrenerkurs rulleski
Onsdag 9. november kl 17:00 arrangerer vi, med hjelp av Skiforbundet, grasrottrenerkurs på rulleski i Handelsparken på Skjeldestad.
To nye masterar i SIL Taekwondo
Etter ei utfordrande gradering «pao tampen» av lørdagen, fekk SIL taekwondo endeleg gleda av å gratulera to hardtarbeidande sjelar, som klubben ikkje hadde klart seg utan, med ei velfortjent mastergrad. Gratulerar så mykje til Master Kristin Ylvisåker og Master Runar Langeteig!
Ventelister på turn
Det er ventlister på turn. Dersom det vert ledige plassar dei næraste 3 vekene, vil neste på lista bli kontakta av turngruppa.
KICKOFF 2022
Berre to veker til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, vår eigen master Trond Schøyen Høgi, 9.dan Kancho Abbas Abbas Ekhtiyari og tidlegare verdsmeister i Muay Thai Tiago Mendes 💪
Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2022#init
Me gledar oss til å sjå dykk alle!
Medaljar i Sommarcup for konkurranseteamet vårt!
I kveld fekk me delt ut dei synlege bevisa på den strålande innsatsen til konkurranse-jentene våre på sommarcupen for vel ein månad sidan. Bronse i synkron (3 utøvarar) for Ida, Emilie og Elin. Sølv individuell til Embla i sin klasse, og gull til Emilie og Sølv til Elin i sin klasse. Det har krevd mange treningstimar i sommar, og dei eldste har gjort ein strålande jobb med å instruere og pushe dei yngste. Ein som manglar på bilete er Runar. Han har gjort ein fantastisk jobb med å coache alle fire, og stått for filming og innsending. Me er godt stolte av dykk!