Barne- og ungdomsklatring: Tilbod hausten 2018

Velkomen til barne- og ungdomsklatring hausten 2018.

Alle gruppene har oppstart i veke 36 (3.-7. september). Siste gong i veke 49 (3.-7. desember).
Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane. 

Tilbod hausten 2018:

  • Barneklatring yngre 6–7 år: mandager kl.17:00-18:30.
  • Barneklatring yngre 8-9 år: måndagar kl 17:00-19:00 og torsdagar kl 17:00-19:00.
  • Barneklatring 10-12 år: onsdagar kl 17:00-19:00.  
  • Ungdomsklatring 13–19 år: onsdagar kl 19:00-21:00 (med- og utan brattkort)
  • Ungdomsklatring pluss: meir info kjem.
  • Foreldrekurs topptaukort: torsdagar kl. 17:00-19:00.
  • Foreldrekurs brattkort: torsdagar kl. 17:00-19:00.

Klikk her for påmelding

Ny påmelding for våren 2019 vert annonsert på SIL heimesida og sosiale mediar i løpet av
desember/januar 2018/19.

 

NB. Barn under 13 år som deltek på aktivitet i regi av lag tilslutta Noregs Idrettsforbund er dekka av NIF si ulukkesforsikring for barn. Klikk for meir info

Sogndal Klatreklubb SIL er ei undergruppe under Sogndal Idrettslag og deltakarar på vår barneklatring er såleis dekka av NIF si forsikring. Hugs at ein må melde seg inn i hovudlaget, Sogndal Idrettslag, før ein er eit fullverdig medlem av Sogndal Klatreklubb SIL.

Barneklatring

Aldersgruppe yngst 6-7 år

Vi ønskjer å gi ungane ein allsidig introduksjon til sporten. Målet er å legge opp til gode opplevingar med klatring, og fokus vil vere på klatreglede, meistring og sosial leik. Gruppene er på opptil 12 ungar som vekslar mellom å buldre og å klatre. Vi følgjer Noregs Klatreforbund sine retningslinjer for klatring med barn, og aktiviteten vil difor i hovudsak dreie seg om klatring på låge veggar utan sikring, i tillegg til klatring på topptau. Føremålet er å gjere ungane kjent med sporten.

Denne gruppa er ein prøveordning og vert starta opp med forbehold av nok påmeldte.

Pris: kr 900,- per deltakar

* Mandagar kl 17:00 - 18:30

Aldersgruppe yngre 8 – 9 år

Vi ønskjer å gi ungane ein allsidig introduksjon til sporten. Målet er å legge opp til gode opplevingar med klatring, og fokus vil vere på klatreglede, meistring og sosial leik. Gruppene er på opptil 12 ungar som vekslar mellom å buldre og å klatre. Vi følgjer Noregs Klatreforbund sine retningslinjer for klatring med barn, og aktiviteten vil difor i hovudsak dreie seg om klatring på låge veggar utan sikring, i tillegg til klatring på topptau. Føremålet er å gjere ungane kjent med sporten, men ikkje å gjere dei til sjølvstendige klatrarar.

Pris: kr 1200,- per deltakar

* Mandagar kl 17:00 - 19:00

* Torsdagar kl 17:00 - 19:00

Barneklatring eldre 10 – 12 år  

Målet med barneklatringa er å gi ungane ein allsidig introduksjon til sporten, og fokus vil vere på klatreglede, meistring og sosial leik. Grupper på opptil 12 ungar som vekslar mellom å buldre og å klatre. Ungane vil få opplæring i å sikre kvarandre på topptau, men opplæringa har ikkje til hensikt å gjere ungane til sjølvstendige klatrarar.

Pris: kr 1200,- per deltakar

* Onsdagar kl 17:00 - 19:00

Ungdomsklatring

Ungdomstrening - aldersgruppe 13  – 19 år

Dette er gruppa for ungdom som er ivrige og vil trene for å bli gode på klatring. Vi har to grupper, på den eine gruppa treng ein ikkje har brattkort. Ungdommane vil i løpet av kurset få muligheit til å ta brattkort. På denne gruppa er det sikringsmessige handverket i fokus.
På den andre gruppa må deltakarane ha brattkort og vere såpass sjølvstendige at dei kan klatre og sikre kvarandre på eiga hand. Fokus vil vere på teknikk, rørslemønster og enkle treningstips i tillegg til finsliping av sikringsteknikken. Målet på begge grupper er å auke ferdigheitsnivået til deltakarane, både klatre- og tryggleikskompetansen.

Sjå linker for informasjon om brattkort;

Bratt kompetanse

Norges klatreforbund - Brattkortprøve

Norges klatreforbund - Bestemmelser om NKF sine kort

 

Pris: kr 1400,- per deltakar

Onsdagar 19:00 - 21:00 (med- og utan brattkort)

Ungdomsklatring pluss

Ungdomstrening pluss - aldersgruppe 13  – 19 år

Dette er gruppa for ungdom som ønsker økt fokus på klatretrening. 
Deltakarane må ha brattkort og vere såpass sjølvstendige at dei kan klatre og sikre kvarandre på eiga hand. 

Meir info kjem

Foreldrekurs brattkort

Formålet med kurs er at deltakaren får tilstrekkelige kunnskapar og sikringsferdigheter ved topptau- og ledklatring til å kunne opptre sikkert på innandørs klatrevegger. Deltakarane skal lære å ta på utstyr utan hjelp, gjennomføre kameratsjekk og løypande sjekk, og sikre ein anna klatrar (voksen og barn) under topptauing, leding og nedfiring.

For å halde kurset treng ein minst 3 deltakarar.


Kurset er delt i 3:
Dag 1 (4 t): Klatring på topptau og topptaukortprøve.
Dag 2 (4 t): Klatring på led
Dag 3 (4 t): Oppfølging og Brattkort prøve

Pris: 1050kr.
Det er mogleg å bare delta på dag 1. Pris: 500kr.
For å kunne sikre barn på barneklatring må ein ha topptaukort. Ein MÅ vere merksamd at ein må ha brattkort for å klatre i Idrettssenteret utanom barneklatringa. Idrettssenteret har ikkje faste topptau, og ein må klatre på led for å legge til rette for klatring på topptau.

* Torsdager 17:00-21:00.

Informasjon om brattkort:

Bratt kompetanse

Norges klatreforbund - Brattkortprøve

Norges klatreforbund - Bestemmelser om NKF sine kort

Kontakt & påmelding

For spørsmål generelt om barne- og ungdomsklatring ta kontakt med
e-post: skk.barneogungdomsklatring@gmail.com

Gustav Tøstesen, mobil: 921 28 08
Ingri Aftret Løseth, mobil: 90700519.
 

Klikk her for påmelding