Aktuelt framside

Oppstart barne- og ungdomsklatring hausten 2022!

Velkommen til Barne- og ungdomsklatring for hausten 2022!

Da er Sogndal Klatreklubb SIL klare for å begynne barne- og ungdomsklatring.

Treningstidene er:
1. - 2. klasse onsdag kl. 17-18:30
3. - 4. klasse torsdag kl. 17-18:30
5. - 7. klasse torsdag kl. 18-20
Ungdom (8. klasse +) onsdag kl. 19-21

Det er ikkje treningar på raude dager, helldigdager og i skuleferiane,

Barne- og ungdomsklatringen er delt opp i klassetrinn. Gruppa for 1.-2. trinn vil ha fokus på leik og moro, og å verte trygg i klatreveggen. Trinnet for ungdommar vil ha fokus på trening, teknikk og styrke og difor kan det vere at nokre av 8. klassingane vil finne seg betre til rette på trinnet som er tenkt 5-7 klasse. Instruktørane vil vurdere dette fortløpande.

Klikk her for påmelding

PRIS:

Pris barne- og ungdomsklatring:
1.-2. klasse: 700 kr.
3.-4. klasse: 700 kr
5.-7. klasse 700 kr
Ungdom: 500 kr (pga desse har dyrare medlemskap på klatresenteret har klubben redusert ned prisen deira)

NB! Frå og med hausten 2021 må alle deltakarane vere medlem av Idrettsenteret for å kunne delta på barne- og ungdomsklatring. Barn under 13 år, der 1 av foreldre har plussmedlemskap, slepp kravet om at deltakaren må vere medlem av Idrettssenteret.

Sogndal Klatreklubb har fått eigne medlemskapspris. Dette forutsett medlemskap i Sogndal Klatreklubb.

SKK Barnemedlemskap (3-12 år) kr. 149,- per mnd
SKK Klatremedlemskap ungdom kr 349,- per. mnd

For dei som vil teste ut klatring først, kan betale drop-in i resepsjonen på kr. 75,- per gang.

Årsavgift i Sogndal Klatreklubb SIL
Student: kr 150,-
Vaksen: kr 200,-
Barn: kr 50,-

Medlemskontingent SIL: kr 300,-

Faktura blir sendt utpå hausten 2022.

NB! Endringar kan kome når det kjem til tidspunkt for gruppa, avhengig av storleik på gruppa og antall intruktørar tilgjengeleg.


FACEBOOKGRUPPER

Me har ulike grupper på Facebook som brukast til kommunikasjon mellom foreldre/ungdom/instruktør/foreldrerepresentant. Me brukar også appen Spond slik at det er lettare for instruktørane å sjå kor mange som kjem på klatring.

Søk dei opp:

SIL Barneklatring 1-2 Klasse
SIL Barneklatring 3-4 Klasse
SIL Barneklatring 5-7 Klasse
SIL Barneklatring Ungdom

PÅMELDING AV FLEIRE KURS ELLER DELTAKARAR:

Sjølv om ein har delteke på barne- og ungdomsklatring for tidlegare semester må ein melde seg på igjen kvart semester.

Dersom du ynskjer å melde på fleire ulike kurs, eller å melde på fleire deltakarar, sender du inn skjemaet for kvart kurs/deltakar du vil melde på.

COVID-19:

Det kan bli enkelte forandringar mtp koronasituasjonen, samt det kan skje forandringar i treninga på kort varsel. Vi håpar at barn, unge og vaksne har forståing for dette. Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane.

Vi følger smittevernråd frå FHI og vil tilpasse treninga om nye råd eller veiledninger skulle tilseie dette. Det er viktig at alle barn og unge berre kjem på trening om dei er heilt friske og held seg heime elles.

Forsikring

Viktig! Ein må ha meldt deltakaren inn i Sogndal klatreklubb SIL på MinIdrett før ein startar på klatringa.
Det gjerast her: https://minidrett.nif.no/
meld medlemsskap" til "Sogndal idrettslag" og gruppa "Klatring".

Ein må vere registrert i minidrett under "Sogndal idrettslag" og "Klatring" for å vere forsikra og for å kunne delta på barneklatringa.

Kontakt & påmelding

For spørsmål generelt om barne- og ungdomsklatring ta kontakt med
e-post: skk.barneogungdomsklatring@gmail.com

Klikk her for påmelding

KICKOFF 2022

KICKOFF 2022

Berre to veker til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, vår eigen master Trond Schøyen Høgi, 9.dan Kancho Abbas Abbas Ekhtiyari og tidlegare verdsmeister i Muay Thai Tiago Mendes 💪

Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2022#init

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

Medaljar i Sommarcup for konkurranseteamet vårt!

Medaljar i Sommarcup for konkurranseteamet vårt!

I kveld fekk me delt ut dei synlege bevisa på den strålande innsatsen til konkurranse-jentene våre på sommarcupen for vel ein månad sidan. Bronse i synkron (3 utøvarar) for Ida, Emilie og Elin. Sølv individuell til Embla i sin klasse, og gull til Emilie og Sølv til Elin i sin klasse. Det har krevd mange treningstimar i sommar, og dei eldste har gjort ein strålande jobb med å instruere og pushe dei yngste. Ein som manglar på bilete er Runar. Han har gjort ein fantastisk jobb med å coache alle fire, og stått for filming og innsending. Me er godt stolte av dykk!

Oppstart barneidrett, allidrett og basistrening veke 35

Barneidrett 0-4 år startar opp 7. september kl 17-18 på Trudvang.

Barneidrett førskule (5 år) startar opp tysdag 30. august kl 17:00-17:45 i gymsalen på Trudvang.

Allidrett 1.-2. klasse (i lag i ei gruppe) startar opp tysdag 30. august kl 18:00-18:45 i gymsalen på Trudvang.

Allidrett 2.-4. klasse (i lag i ei gruppe). startar opp onsdag 31. august kl 18:00-18:45 i gymsalen på Trudvang.

2. klassingar kan velje å delta enten tysdagar eller onsdagar.

Basistrening 4.-7. klasse startar opp tysdag 30.august kl. 18:00 i Sogndal Idrettshall

Basistrening 6.-10. klasse startar opp onsdag 31. august kl 18:00 i Sogndal Idrettshall

6. og 7. klasse kan delta både tysdag og onsdag.

Ved spørsmål, ta kontakt med Ellen Blom, e-post: ellen.blom@hvl.no, tlf: 911 25943

Nytt styre i Vestland idrettskrets – Sogndal idrettslag forsatt med styreplass! 

Nytt styre i Vestland idrettskrets – Sogndal idrettslag forsatt med styreplass. 

Lilly Schøyen frå Sogndal idrettslag blei takk av etter to år i Vestland idrettskretts sitt styre, og 6 år før det i styret til Sogn og fjordane idrettskrins. 

For Sogndal idrettslag er det stas at Jan Erik Weinbach går inn i det nye krettsstyret. Med to nye år vil Sogndal idrettslag då har ein 10 års lang «tradisjon» med å «levera» styremedlemmer. 

«Viktig for idretten i Sogn å ha ei stemme og to øyrer i idrettens sitt øvste organ i Vestland fylke» svara Jan Erik Weinbach som tek opp arven etter Lilly Schøyen. 

Vestland idrettskrets sitt nyvalgte styre.

https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/nyheter/2022/nytt-styre-i-vestland-idrettskrets/

Av Janne Landås • 3. apr 2022 

På kretstinget 2. april i Førde ble følgende styre i Vestland idrettskrets valgt for perioden 2022-2024:

Leder Nils R. Sandal, Breimsbygda IL (gjenvalg), nestleder Tone Stavland, Bremnes IL, (Ny) medlem Jan-Erik Weinbach, Sogndal IL, (opprykk) medlem Jeanette Heggen, Selbjørn IL, (ny) medlem Jarl-Helmer Svanberg, Kjøkkelvik IL (gjenvalg), medlem Anne-Grethe Naustdal, Tambarskjelvar IL (gjenvalg), 1. varamedlem Marita Kristiansen, Sotra Sportsklubb (ny) og Arne Helgheim, Førde IL (ny).

Nytt styre i SKK SIL

Årsmøte blei avholdt på Sogndal folkehøgskule torsdag 3. mars.

Nytt styre er valt og styret for SKK SIL består no av:

Leiar samt Medie- og kommunikasjonsansvarleg: Jakob Årman
Nestleiar: Idunn Litlere
Ungdomskandidat: Serafine Rosager og Eskil
TRAD (utvikling av klubben sitt tilbod innanfor tradisjonell klatring), samt Utstyr- og sikkerheitsansvarleg: Gusav Tøstesen.
Økonomiansvarleg: Euan Nyquist
Paraklatring: Knut Alfred Kringeland Eriksen og Christoffer Nord
Kompetanseutvkling: David Postelt og Justyna Mucha

Foreldrerepresentanter:
Randi Øyri, Nils Bjarne Drægni, Olaug Kjørlaug og Elise H. Barsnes