Aktuelt
Klikk på idretten din for å filtrere ut nytt frå di idrettsgrein:
Ny medaljefangst til Taekwondo
Nytt medaljedryss over konkurranseteamet vårt! To gull og tre bronse til utøvarane våre. I både individuell, par og synkron.
Emilie, Elin, Embla og Ida med medaljane frå Romjulscupen.
Trening- og graderingshelg for Taekwondo
Berre ei veke til trening- og graderingshelg og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum og våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi og Runar Langeteig + konkurranseteamet vårt!
Rydd helga og meld deg på! https://www.letsreg.com/no/event/sil_tkd_trening-_og_graderingshelg_januar_2024
Me gledar oss til å sjå dykk alle!
NM-medaljar til SIL-taekwondo
Fantastisk utteljing på NM! Gull, sølv og bronse til utøvarane våre. Måndag feira me med kake på trening!
Embla, Ida, Emilie og Elin, saman med trenar og coach Runar har den siste tida trent og konkurrert i stilarten pomsae. Dei har henta heim mykje medaljar nasjonalt og kan også vise til fleire gode preasjonar i internasjonale arrangement. På NM på Sandane hamne alle utøvarane våre på pallen, og klubben har no fått sin fyrste noregsmeister.
Juleferie for turngruppa - oppstart veke 2
Juleshowet søndag 3. desember markerte årsavslutninga for turngruppa! No tek alle ein velfortent juleferie, og ser fram mot oppstart i veke 2. NB! Vaksenturn, drill og troppsturn held fram med treningar ei veke til.
Me ønskjer oss fleirbrukshall i Sogndal
Me jobbar som aktivitetsguidar i Sogndal idrettslag. Me fekk høyre at planane om å byggje ein ny fleirbrukshall i Sogndal kommune kanskje ikkje får løyvd pengar. Dette synest me er utruleg trist.
Åpen hall på Vesterland!
Juniorgymnastane frå Sogndal Turn inviterer til åpen hall på Vesterland! 5. november kl 15:00 - 19:00! Meld deg på her!
Turn juleshow!
3. desember går turngruppa sitt sagnomsuste juleshow av stabelen! Sett av datoen!
KICKOFF 2023
Berre ei veke til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi, Kristin Ylvisåker og Runar Langeteig + konkurranse-teamet vårt!
Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2023
Me gledar oss til å sjå dykk alle!
Oppstart Karate
Vi ynskjer nye og gamle medlemar velkomne til oppstart av haust semester i Sogndal Karate.
Tysdag 12.09 kl 17.00 - 18.30 i musikkrommet på Trudvang Skule.
Medlemskontingent 2023
Luster sparebank overraska oss med ei flott gåve som gir alle medlemmer 0-18 år (født etter 01.01.2005) gratis medlemskap. Kontingenten vil dukka opp m.a i Minidrett, men han skal IKKJE betalast av dykk.
Turn på kretskonkurranse i Skavøypoll
24. - 26. mars var Sogndal idrettslag turn i Skavøypoll.
Årsmøte Sogndal idrettslag
Sogndal idrettslag held årsmøte tirsdag 28. mars kl 19 i kommunestyresalen.
Klikk på artikkelen for å lese sakspapirer.