inkludering

Skal baskettball og turn ekskluderast dei neste 20 åra for 12 meter?

Turn mister 1 400 kvadrat på Vesterland våren 2026. 

Der turnar 350 born og 50 born står på venteliste. 

 

Ei handballbane er 25 x 45 meter og 1 125 kvadratmeter. 

Kommunedirektøren vil tilby turnborna fattige 740 kvadratmeter.

Det betyr at halvparten av dei 350 turnborna ikkje får plass på Trudvang. Dei som står i kø er det heller ikkje plass til. 

 

Kvar skal dei 225 turnborna som ikkje får plass på Trudvang gjera av seg? 

Den minste basishallen er 500 kvadratmeter, så den vil kunne ta unna kring 100 av dei 225, men ikkje alle. Over 100 turnborn vil stå utanfor. Ekskludert pga. manglande areal. 

 

Turn vil heilt åleine fylle fleirbrukshallen på 25 x 45 meter og basishallen – heile veka.
Behovet for føreseieleg og meir innandørs idrettsareal er enormt. Det er langt større enn det som er vedteke, men vil vera eit steg i rett retning. 

 

Kommunedirektøren si innstilling på 740 kvadrat vil ekskludera minst 225 turnborn. 

Basketball og kampsport er det heller ikkje plass til. 

 

No er det opp til kommunestyret å bestemme kor mange av borna dei neste 20 åra som skal bli inkludert eller ekskludert.