Vi lagar til treningar i nattorientering fram til snøen kjem. Øktene er tiltenkt ungdom 13+ og vaksne, men yngre løparar kan og vere med saman med ein vaksen.
05/11 kl. 17: Festingdalen (oppmøte på P-plass langs SIMAS-vegen, her: https://maps.app.goo.gl/YxMbZSEFfUisnFFs8)
12/11 kl. 17: Hodlekve (oppmøte ved Dalalåven)
19/11 kl. 17: Hodlekve (oppmøte ved Dalalåven)
26/11 kl. 17: Oppmøtestad ikkje bestemd
Kart: Vil du springe ein annan dag finn du kart til alle natt-o-treningane finn du i denne mappa: https://drive.google.com/drive/folders/1P1j1RNH92nFt7arXNLHeSeKVbFVxqSMJ?usp=sharing
Det heng ikkje ute postskjermar i skogen slik som på Vekas løype, men alle løypene vert lagt ut på UsynligO (sjå info under Orienteringscup på nettsida).
Opplegg
Oppmøte kl. 17. Økta varer i drøyt 1 t. Møt gjerne i god tid for å få ordna lykta.
To løyper på ca. 4,5 og 3 km med vanskegrad mellom vidarekomen og ekspert
Øktene har sosialt preg med fokus på læring og meistring. Samspringing i grupper for dei som vil, der ein bytar på å lede og kan diskutere valg undervegs.
Utstyr: Hovudlykt, helst på minst 500 lumen i 1,5 t. Kompass er og ekstra viktig på nattorientering.
Vi har nokre lykter og kompass til utlån. Høyr med Jakob (tlf: 950 35 365)
Ta og med mobil med appen UsynligO installert. Det er ikkje sikkert vi får hengt ut postskjermar på alle øktene, og da må ein bruke UsynligO om ein vil ha bekreftelse på posten.