KJØP AV TURNDRAKTER/-UTSTYR

TURNDRAKT

Turndrakta me til no har nytta i Sogndal turn, er utgåande modell og finst ikkje lenger i alle storleikar. Styret har difor sett på aktuelle modellar og har no bestemt seg for Sogndal turn si nye turndrakt. Mehar prøvd å finna ein modell som ikkje er så ulik den gamle, då mange allereie har den. Turnarar som har den gamle drakta treng difor ikkje kjøpe ny!

Me brukar same leverandør som tidlegare, TT Gymnastics (https://www.tt-gymnastics.no).

Den nye turndrakta er modell K716 (https://www.tt-gymnastics.no/turndrakter/ny/turndrakt-k716.html). Ny legging er modell K754zw (https://www.tt-gymnastics.no/gymnastikk-bukser/legging-velours/model-3-4/legging-glatt-velur-k754zw.html).

Denne modellen er ny, så me håpar den er på marknaden ei god stund framover.

(Det kan òg vera lurt å sjå på finn.no og andre liknande bruktmarknadar, ofte vert det selt fint brukte turndrakter der,)

Til gutane har me ikkje eigne turndrakter. På stemner stiller dei i kvit t-skjorte og svart shorts.

NB! Både sko og klede er små i storleiken, så gå gjerne opp ein storleik.

KLUBBKOLLEKSJON

Me har plukka ut ny klubbkolleksjon for turngruppa, med gensar, t-skjorte og bukse. Kleda kan fåast i storleikane xs-3xl/116-164 - sjå bilete her.

Gensaren vil ha trykk med både idrettslaget og turngruppa sine sponsorar. På ryggen skal det stå Sogndal øvst, og TURN nedst på ryggen. Kvar einskild kan i tillegg velje å ha sine eigne initialar på gensar og/eller bukse.

I første omgang lagar turngruppa ei fellesbestilling. Tilbakemelding om kva klede den einskilde skal ha, med opplysingar om storleikar, må sendast på e-post til boeyum@hotmail.com innan 7. desember 2018.

Det er òg mogleg å bestilla etter denne datoen, med atterhald om at Intersport ikkje alltid har alle storleikar på lager.