17212136_1504481196230050_8442698956211228396_o.jpg

Om klubben

Sogndal klatreklubb SIL er ei av undergruppene i Sogndal Idrettslag. Vår generalsponsor er Luster Sparebank, vidare er Intersport Sogndal og Lerum hovudsponsorar.

Sogndal Klatreklubb SIL er også medlem av Norges klatreforbund.

Historien om Sogndal Klatreklubb

1980-tallet - Det vart klatra ein god del i i Kvamsfeltet og på Ølnes utanfor Sogndal sentrum midt på 1980-tallet. Etterkvart oppstod det eit behov hos fleire for å bli betre og sterkare klatrarar, og det vart eit ønske om ein innandørs klatrevegg slik at ein kunne trene på klatring året rundt både morgon og kveld.

1989 - For å organisere arbeidet med å bygge innandørs klatrevegg vart Sogndal klatreklub formelt starta våren 1989  av mellom andre Arne Hagerup, Jon Arne Pedersen og Ole og Jørgen Drangfelt.
Den første klatreveggen vart bygd på den eine kortveggen i tribunebygget på Kvåle stadion. Veggen var ikkje stor, og den høgaste ruta var om lag 4 meter. 

Etter nokre år vart det andre og betre tider. Lærarskulen fekk ny idrettshall (Kvålehallen) og klatreklubben fekk ein heil vegg til disposisjon. Det vart bygd ein ny klatrevegg med overheng, og ein eigen buldredel. 

1997 Den første klatre- og isføraren for nærområdet til Sogndal vart ferdig. 

Rundt årtusindskiftet - Sogndal storhall ble bygget, og klubben fik anledning til å lage en ny klatrevegg.  Stor takk til Rolf Navarsete for at han fik dette til. Veggen ble bestilt fra firmaet Bencrete og kom opp på noen få dager ved hjelp av en stor dugnadsinnsats fra folk i klatreklubben. De gamle materialer frå Kvålehallen ble brukt til å lage en relativ stor buldrevegg i storhallen. 

2011 - Sogndal storhall vart bygd og klubben fekk anledning til å lage ein ny klatrevegg. Veggen vart bestilt og kom opp på nokre få dagar ved hjelp av en stor dugnadsinnsats fra folk i klatreklubben. 

April 2018 - Mykje har skjedd og ei ny utgåve av klatreførar for Sogn og Fjordane vart gitt ut. Ein stor takk til Robert Tellvik, Ole Karsten Birkeland og Tobias Brodahl. 

Klatrefeltet ved Kvam og Ølnes er no Noregs største klatrefelt med over 400 ruter. 

Kilde: Ole Dragfelt i "Klatrefører for Sogn og Fjordane". 2011. Robert Tellvik og Ole Karsten Birkeland.

Sogndal Klatreklubb SIL i dag

Sogndal klatreklubb SIL har i dag eit tett og godt samarbeid med Sogndal klatresenter, som har ansvar for drift av veggen i Sognehallen. 

Akkurat no er det store planer om å igjen utvikle og forbetre klatrefasilitetane i Sogndal. Målet er eit topp moderne klatresenter som tilfredsstiller krava til nybyrjarar så vel som kresne innandørsklatrarar.