Klatring

Dugnad på klatrefeltet Kvam

Sogndal klatreklubb SIL ynskjer å takke dei som stilte opp på dugnad 23. august. Me håper dei nye benkane i Plommehagen kan vere til nytte for klatreentusiaster i lang tid framover.  

Me ynskjer å takke følgande som gjorde det mogleg og var med å rydda, pussa ruter og bygde dei flotte benkane; Gro Elisabeth Dvergeland, lurkisar frå Lurkarlaget, andre studentar frå Høgskulen, medlemmar og ikkje medlemmar.

Velkomen til barne- og ungdomsklatring hausten 2017

Tilbod hausten 2017:

  • Barneklatring yngre 6 – 7 år onsdager kl.17-18
  • Barneklatring yngre 8 - 9 år måndagar kl 17-19 og torsdagar kl 17-19
  • Barneklatring 10 - 12 år onsdagar kl 17-19  
  • Ungdomsklatring 13 – 19 år onsdagar kl 19-21 (med- og utan brattkort)
  • Satsingsgruppa mandager 13 – 19 år oppstart oktober
  • Foreldrekurs brattkort torsdagar kl. 17-19

Sjå fullstendig informasjon om prisar og tilbod for hausten 2017