Invitasjon til Taekwondo pensumseminar 24.–25. november 2018

Laurdag 24. november i Campushallen kl. 10–16: 
Kvitt belte til raudt med svart stripe

Søndag 25. november på Trudvang kl. 10–15: 
Dan og 1. cup


Få ein grundig gjennomgang av ditt pensum og still spørsmål om det er noko du lurer på før gradering. Seminaret er ope for alle beltegrader frå 10. cup og oppover, og me køyrer prøvegradering.

1. cup og dan-kandidatar som skal gradere seg på sommarleir MÅ delta!

Seminaret vil fokusere på mønster, avtalt kamp, brekking og frikamp.
Dersom du er usikker på om du skal gradere deg kan du snakke med instruktørane på seminaret. Dei vil gi deg ein peikepinn på om du er klar eller om det er teknikkar du bør jobbe vidare med.

Seminaret er ikkje for Kid Kick elevar.

Pris:
 kr 250,-
Utstyr: Drakt med belte + hanskar dersom du har.
Mat: Ta med lunsj. Gratis frukt.