Turorientering

Her får du tak i kart

Turorientering er eit trimtilbod for alle aldersgrupper. Det går ut på å finne postar som er plasserte ute i terrenget. Eit av formåla er å oppmuntre til å legge turen til nye stader.

(Innholdet gjelder 2015! Nytt opplegg kommer i 2016!

I år er det nytt opplegg. Postane er grupperte etter vanskegrad i grønt, blått, raudt og svart nivå. Dei grøne er for dei som ikkje har prøvt orientering før. Postane ligg ved vegar, skogsvegar og er tilgjengelege med sykkel og barnevogn. Dei blå ligg også på eller ved stiar.

Dei svarte ligg lengst unna og har ein viss vanskegrad. Kompass og litt erfaring er ein fordel for å finne dei.

Postane er grupperte slik at 5-6 postar med same vanskegrad utgjer ein tur. I alt er det planlagt 6 turar. Kart for desse kan kjøpast enkeltvis eller samla. Dei grøne turane er gratis.

Deltakarane får poeng for kvar post dei er innom. På kvar post er det eit nr.(kode), for eksempel G1-G5 på grøne postar, B10, osv. på dei blå. For kvar post ein er innom, noterer ein koden  på kontrollkortet.

Postane G1-G5 er små stolpar med raude og kvite merke. Alle dei andre postane er merka med raude og kvite flagg, og nr. Dei finst oftast på trestammar.

Dei raude og kvite postflagga finst oftast på trestammar og liknande.

Dersom fleire i same familien vil sende inn kort, kan ein kjøpe ekstra kontrollkort.

Premieutdeling til hausten på Kaupanger skule. Ekstra premiar blant dei som har oppnådd merke.

Postane 1-24 er ute 30. mai, 25-32 etter kvart som snøen smeltar. (Info 45244907 el. 99427371). Dei heng ute til 12. oktober. NB! Hjortejakt midt i september.

Etter sesongen sender ein kontrollkort til Rune Aa, Holteigvegen 19, 6854 Kaupanger

GOD TUR!

Kart får du tak i på turorientering.no og på følgende utsalgssteder:

MERK: De grønne turene er gratis.