TERMINLISTE FOR ORIENTERING 2023

Under finn du terminliste for Sogndal IL sine treningsløp, barnetreningar og krinsløp i Sogn og Fjordane.

Meir info om barnetreningane på tysdagar finn du også på sida O-trening for barn og unge.

Treningsløp for Sogndal IL: 

Treningsløp  onsdagar med fri start mellom kl 17:00 og 18.00. Påmelding ved oppmøte. Dei som ønskjer tidtaking bør helst starte før kl. 17:30.

Det er som oftast fem løyper å velje i, frå nybegynnar til ekspert:

  • Nybegynnar (1,5 km)

  • Lett øvd (2 km)

  • Vidarekomen (3,5-4 km)

  • Ekspert kort (3,5 km)

  • Ekspert lang (5 km)

Treningane passar for alle, frå familietur til kondisjonstrening. Spør arrangøren ved oppmøte for å få enkel opplæring i orientering om du ønskjer det.

Alle løpa blir annonsert med meir detaljert info om oppmøte, parkering m.m. på facebooksida vår: Orienteringsgruppa i Sogndal IL

Resultat frå løpa blir lagt ut på sida Aktuelt frå Orientering.

Familiesøndagar er eit ekstra løpstilbod vi har nokre helger der ein kan møte opp søndag ettermiddag og springe løypene frå treningsløpet onsdagen før. Her vil vi ha litt ekstra fokus på det sosiale, kanskje grille og på anna vis lage det triveleg på samlingsplass. Alle er såklart velkomne, ikkje berre familiar.

Har du ikkje moglegheit til å springe på onsdagar?
Løypene heng ute i minst ei veke etter treningsløpet. I tabellen for “Vekas løype” kan du sjå kor lenge postene heng ute. Du får tilgang til kart umiddelbart ved å sende e-post til vekasloypesogndal@gmail.com
PS: Det kan hende tenesta ikkje er oppdatert med vekas løype før litt ut på torsdag.

Betaling: Du kan enten betale avgift for enkeltløp eller årsavgift til o-gruppa. Sjå meir info på sida Medlemsskap/treningsavgift.


UsynligO

UsynligO er gratis og tilgjengeleg for alle. Oppmodar om at de legg att namn i resultatlista på appen slik at me ser kor mykje det blir brukt.