Skikarusellen 2017

Målet er å koma litt lenger, og til andre turmål, enn du elles ville gjera på skituren. Du skal samla poeng ved å finna postar som har same bokstav som på kortet. Postane heng ute på ulike plassar i Hodlekve-området, men ikkje alle er utplassert samstundes. Du må difor sjå på tabellen under (eller på kortet) for å finna ut kva bokstav du kan jakta på. Kvar post har og ein poengverdi etter kor langt du må gå for å finna den. 

Me gjer merksam på følgjande:

  • Post K «Fagreggi», følg løypa frå Rysetebakken mot Fagreggi, sjå på høgden på venstre side før du tek ned til Kollsetevatnet (altså før Fagreggi). Posten ligg ca 50- 100 m frå løypa på venstre side.
  • Rysete, Høgehaug, Fagreggi og Fjærlandssete blir lagt ut til denne datoen dersom løypa er køyrt. Det er ikkje langrennsgruppa som køyrer løypene.
  • Post W er ny, og er ein «Barnehagepost» for dei som ikkje har begynt på skulen. Denne ligg i lysløypa.

Snø- og vêrtilhøve kan gjera at postar «forsvinn» i periodar, eller vert forsinka ut. Viss du ikkje finn posten, eller går til ein post før datoen på kortet, kan du klyppa dobbelt ein annan gong. Eller du kan klyppa på ein annan post for å få registrert poenga. Om tanga er i ustand, eller du ikkje finn posten, er det fint om du gir beskjed på tlf 41296869 (Gro).

Kort kjøper du i SIL-hytta (kostar kr 200,-).

Poengoversikt

BokstavPoengPlasseringGyldig fra
A og B1Lysløypa, 2 plassar24. januar
W1Barnehageklipp i lysløypa24. januar
C2Langrennsløypa, mot Kollsetestølen24. januar
E2Raudekrosskassa over Stedjekamben24. januar
G3Rysete, føl løypa til høgre31. januar
X6Høgehaug31. januar
K5Fagereggi, heng på bjørk på venstre side av løypa på høgda før Kollsetevatnet20. februar
L6Fjærlandssete20. februar
Y7Blåfjell, varden20. februar

Det er lov å klyppa på andre bokstavar som gir same poengsum.

PremieBhg. + 1. klasse2. - 4. klasse5. - 7. klasse8. klasse og eldre
3. premie8 poeng24 poeng34 poeng50 poeng
2. premie14 poeng37 poeng49 poeng68 poeng
1. premie22 poeng49 poeng64 poeng86 poeng
"Northug"36 poeng72 poeng89 poeng120 poeng

Den store utfordringa heiter i år Northug. Den heng høgt!
Kort får du kjøpa i SIL-hytta (kostar kr 200,-).

Kart

Karusellpostar 2016

Innlevering av kort

Etter avslutta jakt, og seinast 23.04.2017, leverar du kortet til

Gro Eikevik-Rue
Dalavegen 50
mobil: 41296869

Legg ved ein lapp med namn, klassetrinn og utrekna poengsum.
Skriv også kva premie dette gir. 

NB! Postar kan bli lagt ut etter oppsett dato, eller flytta på – sjekk www.sogndalidrettslag.no/langrenn , eller SIL-Langrenn på Facebook.