SIL-hytta

I fjor sommar bygde vi om hytta. Det vart ei omfattande rehabilitering, no har vi fått serveringsområde i begge fløyer av hytta. I tillegg har hytta fått nytt inngangsparti. Arbeidet har vore leia av Kjell Kvåle, som saman med mange andre legg ned ein fantastisk dugnadsinsats for bygda vår.

Vil du vere med på laget?

Anlegget i Hodlekve er tufta på dugnadsinnsats. Det er kanskje derfor vi har eit så fantastisk godt miljø!

Har du lyst til å ta ei vakt i kafeen?

I mange år har kioskdrifta i SIL-hytta og parkeringsordninga i Hodlekve vore basert på ein heilhjarta dugnadsinnsats frå bygdefolk - ei god blanding av ekte Sogndøler og oss innflyttarar. Overskotet som er kome inn til Hodlekve Drift ved denne innsatsen er pløygd rett tilbake i utviklingstiltak for området. Målsetjinga er og har heile tida vore å gjere tilhøva best mogleg for brukarane.

Utan denne innsatsen ville det truleg ikkje vore slike fine og så lange langrennsløyper - og fjelløypene ville ikkje ha vorte oppkøyrte i same grad. Lyssettinga av løypene ville ha teke lenger tid, og tilrettelegginga for born og unge ville ikkje ha kome så langt.

Det er framleis mange område vi kan bli betre på, og de som brukarar har ulike og mange forventningar til oss.

Hovudinntektene våre er knytt til alpinbakken, og ein god og lang sesong her gir det beste grunnlaget for å sikre ei positiv utvikling.

Langrennsgruppa i SIL har i mange år hatt ansvaret for å finne folk til å stå i kiosken og vere parkeringsvakt. Andre grupper har hatt ansvar for anna dugnadsarbeid.

Det kan sjå ut til at vi er inne i eit generasjonsskifte no, der mange nye familiar er komne til som aktive brukarar. Vi vil svært gjerne ha dykk med i dugnadsgjengen, og vi veit at de også vil få mange positive opplevingar gjennom dette.

Snakk med venene dykkar og gjerne ta kontakt med Langrennsgruppa i SIL eller oss i Hodlekve Drift om de lurar på noko.

Motto: Hodlekve skal vere for folk flest - folk flest for Hodlekve!

Jan Halstein Lie
Hodlekve drift AS

Vi leiger ut SIL-hytta til lag og organisasjonar.

Ta kontakt med Olav Paul på Sogndal Lær &Skotøyforretning tlf: 57 67 21 24

Info