Krav om politiattest i Sogndal idrettslag

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok med verknad frå 01.01.2009 at heile norsk idrett skal krevje politiattest for alle som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

I Sogndal idrettslag blir ordninga handtert på følgjande måte:

Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal skaffe politiattest.

Dette skal gjerast i samråd med:

Kristine Celius
e-post: kristine.celius@sogndalidrettslag.no
telefon: 97697251

eller vara:

Cecilie Thaule Løvlid
e-post:  post@sogndalidrettslag.no
telefon: 91848804

Begge representantar har teieplikt ovanfor uvedkommande for dei opplysningar dei får kjennskap til.

Innhenting på ein-to-tre

1) Søknaden om politiattest fyllast ut av den søknaden gjeld for og sendast politiet saman med stadfesting frå idrettslaget. Info om politiattester og søknadsskjema finn ein her:  www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/politiattest. Stadfesting får ein av ansvarleg for politiattest, Kristine Celius.

2) Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.

3) Den søknaden gjeld for, skal vise fram politiattesten sin til ansvarleg for politiattest, eventuelt vara, sjå ovanfor. Idrettslag skal ikkje lagre attesten, men berre få den vist fram til gjennomsyn.

Personar som ikkje har vist fram politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.