Treningstider og påmelding

TRENINGSTIDER

Treningstida kan bli endra på kort varsel.

Gruppa for 5. klasse og oppover:

SOGNDAL IDRETTSHALL

- Mandag 18:00 - 20:00.

TRUDVANG

- Fredag 16:00 - 17:30 (Opp til blå stripe/5. Cup)

- Fredag 17:30 - 18:00 (Frå blått belt/4.cup og oppover)

Gruppa for 1. t.o.m. 4. klasse – Kids Kick:

TRUDVANG

- Torsdag kl. 16:15 – 17:30

Treningsprisar

kr 300,- for 1.–4. klasse Kids Kick     kr 600,- for 5.klasse og opp til 20 år       kr 1000,- for over 20 år

Når betaling for trening er registrert av kasserar, blir klubben sine instruktørar informert slik at dei som har betalt kan delta på treningane. Alle utøvarar vert innmeld i Norges Kampsportforbund. 

For å kunne trene må du vere medlem i Sogndal idrettslag. Dette er viktig då medlemskontingenten inneheld forsikring for utøvaren. For barn under 16 år  kostar det kr 150,- pr år. For vaksne er prisen kr 250,- pr år.  Klikk på denne linken Medlemsskap for å komme til skjema for innmelding i idrettslaget.

Påmelding

For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, fylle ut klubben sitt registreringsskjema og betale treningskontingenten for semesteret.

Prøvetrening

Er du nyfiken på korleis det er å trene saman med oss eller usikker på om Taekwondo er like kjekt som det ser ut til å vere, så kan du delta på fire treningar utan å betale treningsavgift. Me minner om at det for tida er venteliste på å få vere med. Alle som ynskjer å bli med MÅ fylle ut "Ventelisteskjema" som ein kan finne i menyen til venstre.

Treningsdrakt

Den stilige Taekwondodrakta vår kan du bestille via skjemaet "Bestilling av drakt" som ein kan finne i menyen til venstre. Eventuelle spørsmål kan stillast til Kristin Selmer på kmselmer@online.no eller sms 911 78 337, eller på trening.  Drakta kostar kr 450,-.

Klubbens kontonr: 3785.12.18808 

Vist ein også har lyst på dei lika stilige overtrekksdraktene våre kan desse kjøpast hjå Inter Sport. Berre spør etter Sogndal Idrettslag sin kolleksjon. Klubben sitt ryggmerke må trykkast på i etterkant og blir gjort hos XL Bygg Hundere. Ta med jakka dit og spør etter Malin, so ordnar ho det.