Sogndal idrettslag sitt heidersteikn kan delast ut til personar som på ein særskildmåte har virka til beste for idrettslaget.

Kandidaten må ha vore medlem av idrettslaget over fleire år. 

Kandidaten må ha vist stort engasjement i /og/for idrettslaget, gjennom styre, tillitsverv, trenargjerninga, støtteapparat eller gjennom spesielle/utmerka sportslege prestasjonar. 

Kandidaten må vere ein god ambassadør for idrettslaget utad. 

Heidersteiknet delast ut etter innstilling frå klubbens Heidersteikn komité (identisk med arbeidsutvalet) etter innspel frå gruppene i idrettslaget, nedsett av klubbens styre, og eit einstemmig styre. 

Heidersteiknet delast ut på klubben sitt årsmøte eller andre høvlege arrangement. 

Heidersteiknet består av sjølve merket og eit diplom.