Treningstider og kurs 2016-2017

Påmelding

Påmelding

For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, fylle ut eit påmeldingsskjema, og sende dette som vedlegg i ein e-post til symjegruppa sin kasserar, Odd Terje Tangen. Vi ber om at dette blir gjort før utøvaren møter til sin første trening. Ta med kvittering for at kontigenten er betalt innan to veker etter oppstart.

Påmeldingsskjema symjetrening

Prøvetrening

Om du er nyfiken på korleis det er å symje saman med oss eller om symjingtrening faktisk er like kjekt som det ser ut til, då kan du delta på to måndagstreningar utan å betale. 

Vasstilvenning

Vi søker etter trenar og må vente med oppstart når ny trener er på plass. 

Generell informasjon om vasstilvenningskursa

Påmeldingsskjema vasstilvenning

Treningsstad er symjebasssenget på Fosshaugane.

Tidspunkt blir annonsert når vi har tilsett trenar.

Alder: frå 4 år og oppover.

Varighet: 5 tysdagar mellom klokka 17.00-18.50

Pris: 600,- 

Tider for ulike nivå: (les om dei ulike nivåa i infoskriv over, og meld borna på eit passande nivå)

17.00-17.25 Nivå: Kval (Forelder/føresett er med borna i vatnet)

17.30-18.00 Nivå: Skilpadde og pingvin

18.05-18.50 Nivå: Selungen/crawl og ryggteknikk

Kursdagar: 

Blir annonsert når vi har tilsett trenar.

Angåande kurspåmelding

Dei som ynskjer å delta på vasstilvenningskurs må fylle ut skjema og sende dette som vedlegg i ein e-post til symjegruppa sin kasserar, Odd Terje Tangen. Ta med kvittering for at kontigenten er betalt innan to veker etter oppstart.(Ved spørsmål kontakt hovudtrenar )

 

BABYSYMJING

(NB! Me jobbar med å få på plass instruktør)

Treningsstad er symjebasssenget på Fosshaugane.

Tidspunkt blir annonsert når vi har tilsett instruktør.

Alder: frå 0 til 2 år.

Varighet: 5 laurdager/søndagar

Pris: 750,- 

 

Informasjonsskriv om babysymjinga.

Songar til babysymjinga.

Påmeldingsskjema babysymjing

 

Borna vert her inndelt i grupper etter alder og kor vande dei er i vatnet. Gruppene får 30 minutt kvar i vatnet, og gruppene startar difor til forskjellige tider. Dette får de informasjon om fyrste laurdagen. Les også infoskriv og påmeldingsskjema over.

 

Symjetrening

Treningsstad er i symjebassenget på Fosshaugane.

Tysdagkl 17:30 - 19:00, for master og gruppe 2

Torsdag kl 16:30 - 18:00, for barn gruppe 1 og gruppe 2

 

For gruppe 1 og 2 (barn og ungdom) er treningskontingenten kr 1100,- pr semester i sesongen 16/17. Det blir gitt 25% søskenmoderasjon. Vidarekomne barn og ungdom (gruppe 2) som i tillegg skal trena tysdagane betaler 1450,- pr semester. Treningskontingenten for master trening vert i år kr 1200,- pr semester.

Første semester er frå skulestart om hausten til juleferien.

Andre semester er frå skulestart etter nyttår og fram til første veka i juni.

NB! For å kunne trene må utøvar vere medlem i Sogndal idrettslag. Dette er viktig då medlemskontingenten inneheld forsikring for utøvaren. Medlemskontingenten er kr 200,- for barn under 16 år og kr 300,- for vaksne. For heile familien er kontingenten kr 600,- pr. år. Les meir om dette her.