To Sogndøler oppnådde tittelen Master i Taekwondo!

Fredrikstad 11.06.2016

Trond Schøyen Høgi og Lasse Lerum gjekk i helga opp til 4.dan på den tradisjonelle sommarleiren i Fredrikstad. Denne graden betyr at dei kan titulere seg Master i sin kampsport.

 

 To slitne, men nøgde masterar.  Frå venstre; Master Morten Sunnset Larsen (Skedsmo), Master Lasse Lerum (Vevring), Grandmaster Sigvald Martinsen (Sverige), Master Trond Schøyen Høgi, Master John Kirkwood (Skottland)  Foto: Runar Langeteig

To slitne, men nøgde masterar.

Frå venstre; Master Morten Sunnset Larsen (Skedsmo), Master Lasse Lerum (Vevring), Grandmaster Sigvald Martinsen (Sverige), Master Trond Schøyen Høgi, Master John Kirkwood (Skottland)

Foto: Runar Langeteig

 

Barndomsvener

Trass i at dei no er hovudinstruktørar i kvar sin klubb, Trond i Sogndal, og Lasse i Vevring, har dei trent saman sidan dei var svært unge. Då Trond starta var det med Lasse som instruktør. Trond var med å starte dagens Taekwondoklubb i Sogndal, og Lasse starta klubben i Vevring. Dei er båe einige om at det å få gjere graderinga saman gjorde det til ei heilt spesiell oppleving.

 

Tidkrevjande

Det er uråd å rekne på kor mange timar dei to har brukt på Taekwondo, for å nå det nivået dei no er på. Ikkje er det viktig heller. Det viktigaste har alltid vore gleden ved å stadig lære og meistre nytt pensum. For utlærd vert ein aldri.  Og like viktig som eiga mestring er å instruere og sjå elevane utvikle seg.  

 

Livsstil

Når ein brukar så mykje tid på idretten sin er det klart at det vert ein livsstil. Dei to har eit stort kontaktnett, i inn og utland, og med Internett er det ikkje viktig kvar i verda ein befinn seg. Det er lett å spørje andre masterar og grandmasterar, og svar får ein alltid. Dei to trekk fram master Morten Sunnset Larsen og miljøet i Skedsmo Tan Gun Taekwondo som viktige for dei to klubbane i Sogndal og Vevring.

 

Vennskapsklubbar

Me er med i interesseorganisasjonen Taekwondo Alliance Norway (TAN), saman med Skedsmo og tre andre klubbar, og det er viktig å ha slike vennskapsklubbar. Men ekstra gode vener er sjølvsagt me i Sogndal og Vevring. Me besøker kvarandre og trenar saman når me har anledning, og er alltid gjensidig opptekne av at det går bra for alle utøvarane våre i konkurransar og graderingar.

 

 

 

Sommarleir og gradering – moro, lærerikt og sommarfuglar i magen

I nydeleg solskin held 200 deltakarar hus i Kongsteen hallen, like ved gamlebyen i Fredrikstad, kjend frå årets ”Anno”.

Det kitla i magen, og eg hadde nesten ikkje lyst på frukost i dag tidleg. Men no gjer det ingenting, for eg greidde det, seier ein av dei unge deltakarane. Det kitlar i magen på oss vaksne óg, seier Olav Arild Barsnes. På eigne vegne, men sjølvsagt like mykje på dei unge sine vegne. Det er like spennande kvar gong, men du verden så moro det er å sjå mestringskjensla når dei vert applaudert av golvet etter å ha vist fram pensumet sitt. Heldigvis gjekk det bra med alle.

 Tre nye svartbelter i klubben, saman med Master. Frå venstre: Kristoffer Molland, Linda Sæthre Ediassen, Master Trond Schøyen Høgi, Olav Arild Barsnes  Foto: Runar Langeteig

Tre nye svartbelter i klubben, saman med Master. Frå venstre: Kristoffer Molland, Linda Sæthre Ediassen, Master Trond Schøyen Høgi, Olav Arild Barsnes

Foto: Runar Langeteig

Nesten 50 deltakarar med foreldre og sysken har teke vegen frå Sogndal denne helga. Å gradere seg til nytt belte er sjølvsagt viktig, men like viktig er det å møtast, å bli kjend med nye vener, og å hente heim inspirasjon og kunnskap frå svært dyktige utøverar frå inn- og utland. Dette er vorte ein tradisjon. Me reiser heile familiane. Mange legg inn reservasjon på hotellrom for neste år i det dei sjekkar ut.

 

 Glad Sogndalsgjeng med nye grader.  Foto: Cathrine Hovland

Glad Sogndalsgjeng med nye grader.

Foto: Cathrine Hovland

 

FAKTA OM TAEKWONDO

Taekwondo er ein Koreansk kampsport, med svært gamle røter. Teknikkane har m.a henta inspirasjon frå kampsportar i nabolanda (Karate i Japan og Kung-fu i Kina).

Taekwondo er i dag ein global internasjonal idrett og ein olympisk konkurranseidrett. Den er mellom dei 10 mest utbredde idrettar i verda, med 50 millionar utøvarar. I Noreg er det ca. 16500 utøvarar, noko som gjer Taekwondo til den største kampsporten her i landet. Direkte oversatt betyr «taekwondo» fot, hånd og kunst/veg. Tae (fot), symboliserer kroppen sine nedre deler, altså føter . Kwon (hand) symboliserer kroppen sin øvre del, altså overkroppen. Do (kunst/veg) symboliserer hovudet, det vil seie tanken eller ånden.