SIL 90 år

Billettsalet for Sogndal idrettslag sin jubileumsførestilling 30.1.2016 har starta.

Pris for born opp til 16 år: kr.90,- per billett og for vaksne kr.180,- per billett.
Vi kan by på artistar som Tone Damli Aaberge, Olav Stedje, Einar Bolstad, Gunn Marit Kvåle. 

Taekwondo og turn skal ha show, og denne kvelden vil vi også dele ut æresmedlemskap og heidersteikn Vil du vita kven det er? Ja då må du kome!

Jon Navarsete med fleire har sett i saman ein fotomontasje og inviterer ein historietime der dei tek føre seg Sogndal idrettslag si historie. Vi startar fredag 29.januar kl.18:00 i Sogndal Bibliotek, Kulturhuset. Han syner bilete og fortel om historiske høgdepunkt.

Vel møtt til ein spennande vandring frå 1926 til 2016!