FINN FRAM DAG I ORIENTERING

Torsdag 21.mai fann over 60 deltakarar fram til klubbhuset ved Kaupanger idrettspark!

 Full konsentrasjon om oppgåvene.

Full konsentrasjon om oppgåvene.

Ein av dei yngste på snart 3 år fortalde han leita etter «dragar» (oransje og kvite o-postar) i skogen, medan ungdommane i speidargruppa jobba for å få godkjent «kart- og kompassmerket» før speidarleiren i juni. Alle fekk ulike oppgåver etter alder og erfaring med orientering. Denne ettermiddagen kunne dei få hjelp frå 9 instruktørar frå o-gruppa.

Deltakarane  fekk finne fram i ei tradisjonell orienteringsløype og stjerneorientering der ein tek ein post om gangen før ein spring innom start og får ein ny post. På orienteringsbingo måtte dei finne postar med tal innan eit avgrensa område og få fire på rad på skjema raskast mogleg. Sprintløype utan kart og natursti var også aktivitetar for alle.

 Spreke o-løparar og speidarar i fint driv i skogen.

Spreke o-løparar og speidarar i fint driv i skogen.

Speidarane må kunne kart og kompass for å kunne leie grupper på tur på fylkesleiren i sommar. 21 speidarar fekk godkjent grunnleggande kunnskap om turkart og orienteringskart, dei måtte kome seg gjennom ei løype på ca 2 km, stille inn kompass og følgje kursen til minst ein post.

Finn fram dagen er eit landsomfattande arrangement i regi av Norges Orienteringsforbund. Det er ein frilufts-aktivitetsdag med fokus på kart og kompass tilpassa barn og unge. Alle deltakarane frå 1 år via fleire 13-16 åringar og nokre vaksne fekk velfortent premie.

Vidare framover kan alle som vil delta på treningsløp kvar tysdag og o-trening med ei eiga gruppe for barn/unge kvar torsdag. Tur-orientering er i gang att frå denne veka etter ein pause i fjor. Både tur-orientering og vekas løype kan ein ta når det passar ein sjølv og det er som alltid tilbod om ulike vanskegradar og lengder på postane og løypene.