Kjenner du SIL-historia? Visste du at...
- Det første ungdomshuset i Sogndal stod på Lægreidsplassen? Huset bar namnet ”Fram”, og var staden turnarane kom saman for å trene.
-
- Turnarane utmerka seg sterkt så tidleg som i 1905, og ein fekk fleire vestlandsmeistarar det året?
-
- Golvflata på ”Fram” berre var på 42 kvadratmeter, så tilspranget til turnarane måtte skje diagonalt?
-
- Sogndal hadde alt under første verdskrig eit lag med namnet ”Fyk” som konsentrerte seg om skiidrett?
- Skipingsåret var truleg 1915.
-
- ”Fyk” hadde hovudbase i Kvåleområdet? Hoppbakkane laga dei til oftast ved Løengibakken nedanfor Skjeldestad, i Nedrehagen og i ein bakke på Eggja.