Visste du at..
Auka aktivitet og ekspansjon i sjølve drifta karakteriserar 70-talet? Inntektene auka frå ca 40 000 i 1969 til ca. 600 000 i 1976.
Bingoen på Sogndal Hotell samla mykje folk på 70- talet og gav fin nettoinntekt for laget?
Det var satt i gang eit tippelag i 1972? 100 interesserte melde seg, og kvar skulle skyte inn 200 kr. Halvparten skulle gå direkte i lagskassa, som dermed kasserte inn 10 000 kr. Men vinsten for tipparane vart heller skral, så eksperimentet vart ikkje teke oppatt.
Fotballaget spela seg opp i 2. divisjon i 1972? Året etter vart det tur nedatt i 3- divisjon.
Turngruppa var den særgruppa med flest medlemar i 1973?
Banespørsmålet heller ikkje var problemfritt inn i dei første 70- åra? Disposisjonsplanen for Fosshauganeområdet var igjen høgaktuell i samband med plassering av det nye lærarskulebygget. Idrettslaget såg atter sine interesser i området truga, og sette ned ei nemnd med Ove Ask, Torolf Norheim, Arnfinn Sviggum og Kåre Navarsete for å ivareta laget sine interesser. Sommaren 1974 skjedde det positive ting på baneanlegget . Denne gongen var det friidrettsgruppa som fekk betra tilhøva sine ved at eit nytt banedekke vart lagt ned i løpebana.
Symjehallen opna i 1969, og det blei god aktivitet i symjegruppa?
Følgjande grupper var tilslutta krinsen i 1974 (rangert etter storleiken på budsjetta for dei einskilde)? 1. Fotball, 2. Handball, 3. Ski, 4. Friidrett, 5. Symjing, 6. Orientering, 7. Turn, 8. Trim, 9. Skøyter (ikkje i drift).
Auken i tal medlemar var stor på første halvdel av 70-åra?
- 1970…….153 stk
- 1971…….341 stk
- 1972…….416 stk
- 1973…….444 stk
- 1974…….477 stk
- 1975…….708 stk
- 1976…….725 stk
I 1976 var det om lag 550 av medlemane som var aktive i dei ymse tilboda som SIL la fram?
På festen for 50-års- jubileumet blei det oppnemnd fire æresmedlemar (dei fire første): Eirik J. Skjeldestad, Olav L. Navarsete, Kåre L. Navarsete og Åsmund O. Loftesnes?
På same festen fekk føljande personar ”Heidersteiknet”? Eirik J. Loftesnes, Ove Ask, Gunnar Kjøstvedt, Anders Kvåle, Henrik Myklestad, Olav Ness, Kåre Ness, Inge Kvam, Halvard Stedje, Per Ingar Sviggum, Arnfinn Sviggum og Oddvar Uglum. Heidersteiknet kan gjevast til tillitsmenn som har gjort ein innsats gjennom 10- 12 år.