Visste du at..
SIL si skøytegruppe dominere på toppen i 1960? Jan Andersen blei Sognemeister på Hafslo og Torfinn Bjelle blei Fylkesmeister på heimebane. Mellom dei yngste hadde Johan Johannessen og Bjarne Foss teke til å vise tenner.
Lagshytta på Lerheimsstølen blei mindre og mindre nytta? Konklusjonen var at den måtte flyttast til ein meir sentral stad eller seljast. Hytta blei seld for kr. 1000 like etter årsmøtet 1961.
Årsmøtet 1961 valde tre representantar som skulle sjå til at idretten ikkje blei skadelidande av den planlagde bygginga av gymnaset. Gymnaset var planlagt delvis på idrettslaget sin grunn, noko styret reagerte negativt på. Likevel ville ikkje SIL stikke kjeppar i hjula, sidan dette kunne hindre at gymnaset blei lagt til bygda. I styrevedtaket heiter det at laget fann det sårt at plassen, som vart brukt av så mykje folk frå bygda, no skulle takast frå dei. Det blei mykje krangling mellom SIL og kommunen før floka blei løyst. Gymnaset blei reist der handballbana låg før, og SIL fekk kompensasjon ved ny idrettsplass litt lengre nord.
Turngruppe blei oppretta i 1963.
Skøytesporten såg etter kvart ut til å komme i bakleksa. Vertilhøva forklarar nok mykje av dette. I 1964 var gruppa komen inn i dvaletilstand. Likevel var det ein god trøyst at Johan Johannessen hevda seg i toppen i skøyte- Noreg.
På slutten av 60- talet blei det arrangert fleire vellukka skirenn på Fosshaugane? 15. april 1969 var det lagt opp til stor- langrenn, og dei ymse gruppene i laget skulle dele på arbeidet med det praktiske opplegget. Eit heilt grunnleggjande vilkår ved iet slikt arrangement er logisk nok at det er tilstrekkeleg med snø. Men snø fanst det nesten ikkje så langt nede på denne tida, så alt måtte hentast frå Dalen. Dette gjekk fint, ikkje minst takka vere velviljug innsats frå kommunen og Sogn Billag. Ski- kjendisar som brørne Eggen, Grønningen m.fl. hadde lova å ta turen hitover. Sjølv om dei lokale stjernene måtte sjå seg slegne av storløparane, verka det inspirerande på skimiljøet i laget.
I 1969 blei det oppretta Bordtennisgruppe? Den blei lagt ned året etter.