Du er her : Startside  »  Sogndal Idrettslag  »  Historie / SIL bøker  »  Visste du at..(1950-åra)

Visste du at..

 
Lagskontingenten blei på årsmøtet 1950 heva til kr. 4,-? Dette hadde styret allereie i 1946 kome med framlegg om, men fekk då ikkje gjennomslag.
 
I 1951 feira ein 25- års jubileum på Danielsens Hotell?
 
SIL hadde gymnastikk 2 gonger i veka om vinteren?
Noko bordtennis var dei også framme i under innandørssesongen.
 
Høgdepunktet av tilskipingane i 1952 utvilsamt var Sognemeisterskapen på skøyter 8.- 9. mars? Funksjonærstaben var på 34 personar. SIL synte å vera det leiande laget i Sogn, og Magnus Kvam blei sognemeister for andre gong.
 
I 1952 vart det etter lang diskusjon vedteke at særgruppene skulle ha eigen kontingent og eigen økonomi? Kontingenten til hovudlaget skulle no vere på 2 kr. Hovudstyret skulle så etter planen kunne hjelpe vanskelegstilte grupper med å yte lån til deira kasse. Vedtaket blei dog reversert på årsmøtet i 1959.
 
Marknadane, som hadde lang tradisjon i laget, blei framleis skipa til i Solhov i 1950- åra? Skodespela som blei sett opp i 30- åra, var no bytt ut med filmar. Det økonomiske utbyte var framleis livsviktig for drifta i laget.
 
Ei løysing på det langvarige problemet med løpebana på Fosshaugane fekk ein først i 1955, ikkje minst ved at medlemar gjennom iherdig dugnadsinnsats skrapa vekk det lause gruslaget og la ned kokslag i staden? Dermed kunne ein ta til att med friidrettsstemne.
 
I februar 1954 var det stort skøytestemne att i Sogndal, denne gongen Fylkesmeisterskap?
 
I 1956 blei det skipa til krinsrenn i slalom i Haglinsbakkane.
 
SIL skeiv til Bergen Brannvesen for å be om å få kjøpe brukte brannslangar. Arbeidet på skøytebana kravde sjølvsagt utstyr, og dette var ei god og billeg løysing.
 
Ved slutten av 1958 kunne skøytegruppa igjen sjå attende på gode einskildprestasjonar? Torfinn Bjelde toppa merittlista som fylkesmeister.
 
I 1959 oppstod det ein prinsippdebatt omkring utnyttinga av baneområdet? Representanane for kommunen og idrettslaga i Sogndal og Kaupanger vart samde om at den nye skulen skulle byggjast på Fosshaugane. Dette gjorde at det ikkje lengre blei plass til dyreutstillingar.
 
Skøyteinteressa fall mot overgangen til 60- talet?
 
Tillitsmannslistene i særgruppene var på slutten av 50- talet dominert av dei aktive sjølve.
 
 
 
 
 
 

Publikasjonar

 

Frå pølsebu til storhall..

lagssoga 1976-2000
 
 
Utgjeven i høve 75 årsjubileumet til SIL. Redaktør er Jan Inge Fardal, og i redaksjonen sat Jon Navarsete og hovudstyret i SIL.
 
Du kan bestille boka ved å sende mail til
 

Sogndal Idrettslag 1926-1976

Idrett- og lagsarbeid gjennom 50 år.
 
 
 
 
Den første av to bøker som per dags dato er utgjevne.
Forfattar er Per Sandal.

 

Skriv ut  

Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin