3.juni 1945 var ”Idrettens dag” som skulle markere offisiell opning av all idrett etter krigen. Nytt styre blei valt på nokre dagar før, og på tilskipinga hadde det nye styret lagt inn to fotballkampar og stafetten ”Fjøra rundt”. Laga frå Sogndal gymnas tok dei to første plassane, likeeins slo gymnaslaget karane i SIL i fotballkampen. SIL fekk revansje i kamp nummer 2.
I 1945 var det ikkje noko bane i det heile på Fosshaugane?
Stillstanden i krigsåra hadde ført til at området hadde vorte nytta til reine jordbruksførmål av eigaren, slik at det var åker når laget skulle ta til med arbeidet sitt.
På Helgheim var det fangeleir for 30- 40 medlemar av ”Nasjonal Samling”?
Dei norske som styrde med leiren var samde med at med styret i SIL og ordføraren i bygda at det var for gale at så mykje arbeidskraft gjekk det unytta. Fangane blei sett i sving med planeringsarbeid på fotballbana på Fosshaugane. Banetilhøva var trass dette likevel generelt dårlege frametter og utstyret utilstrekkeleg . Dette gjorde at friidretten låg brakk dei første åra.
Skigruppa hadde større medgang? Påskerennet blei teke oppatt i 1946.
Bakken var i dårleg stand, og hausten 1948 bles stillaset over ende? ”Bjeldebakken” blei sett opp att, og den nye ”Kleivsbakken” blei sett opp.
Fotballgutane i 1946 ”praktisk talt ikkje hatt ei kvilehelg”?
Med andre ord la ikkje baneforholda slike hinder som det gjorde for friidrettsfolket, og aktiviteten var høg dei fem første åra etter krigen.
Bana vart godt utnytta?
Så snart vintersesongen var over i april, skulle den nyskipa skøytegruppa, saman med fotballgruppa, straks gå i gang med oske og andre midlar for å få isen vekk.
Frå oppstarten med 163,16 i kassa, til avslutta rekneskap med kassabeholdning på kr. 2503, 05 berre på eitt år?
I 1949 fekk SIL kr. 6000 av tippemidlane, og ein kunne starta arbeidet med å få sprang- og løpebaner i brukbar stand? Tribunar og høgtalaranlegg blei og sett opp.