Du er her : Startside  »  Sogndal Idrettslag  »  Historie / SIL bøker  »  Visste du at..(1926-1939)

 
  • Visste du at..

  •  
  • SIL blei skipa 19. februar 1926?
  •  
  • SIL blei skipa etter dei fleste andre idrettslaga i Sogn (Vik 1905, Modig, Fresvik 1919, Aurland 1921, Skjolden 1921, Jotun 1923, Feios 1925, Høyanger 1917, Jostedal 1917)?
  •  
  • At i 1926 var det 59 registrerte lag i Sogn og Fjordane (29 i Nordfjord, 15 i Sogn, 15 i Sunnfjord)?
  •  
  • Dei første åra blei det satsa først og fremst på turn og friidrett?
  •  
  • Turn blei drive i ungdomshuset ”Fram” på Lægreidsplassen?
  •  
  • Friidretten vart driven skiftevis på Ulvahaugen og på Osen hjå H.A.Hagelin (der slakteriet er i dag)?
  •  
  • Friidrettsøvingane dei dreiv var hopp, diskos, kule og spyd?
  •  
  • Etter kvart fekk ein ei ny treningsbane i området som blir kalla Parken? Dette passa bra i høve den veksande aktiviteten.
  •  
  • I 1935/36 fekk idrettslaget leige grunn på Fosshaugane? SIL kunne deretter by inn idrettsmenn frå dei andre laga i Sogn.
  •  
  • Dei første lokale skirenna skal ha vore i 1927 i Løengi under Skjeldestad?
  •  
  • Etter kvart vaks det fram eit skimiljø på Lerheimsstølen?
  •  
  • Det vert fortalt at det var heile 1300 betalande på det årvisse skirennet på Lerheimsstølen i 1936?
  •  
  • Etter rennet var det skifest i Solhov?
  •  
  • Det blei bygd lagshytte på Lerheimsstølen? Hytta kosta mykje sveitte, samt 1000 kr- ein tung sum i dei tider.
  • På Lerheimsstølen vart festen i hytta 2. juledag ei tradisjonell og populær tilskiping? Festen tok til tidleg på dagen av omsyn til at festdeltakarane måtte komme seg nedatt før det var mørkt (det var eit stykke å gå). Spelemannen fekk si betaling etter at ein gjekk rundt med hatten i handa og samla inn.
  •  
  • Det blei drive boksing i ungdomshuset ”Fram” i 30- åra.
 
>
 
Oppslagstavle
 
Sogndal Idrettslag
 
 
 

Publikasjonar

 

Frå pølsebu til storhall..

lagssoga 1976-2000
 
 
Utgjeven i høve 75 årsjubileumet til SIL. Redaktør er Jan Inge Fardal, og i redaksjonen sat Jon Navarsete og hovudstyret i SIL.
 
Du kan bestille boka ved å sende mail til
 

Sogndal Idrettslag 1926-1976

Idrett- og lagsarbeid gjennom 50 år.
 
 
 
 
Den første av to bøker som per dags dato er utgjevne.
Forfattar er Per Sandal.

 

Skriv ut  

Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin