Profilen
ERIK KREKEN NESET
Erik Kreken Neset reiste den 12 Desember austover for å gjere eit lenge etterlengta forsøk på det svarte beltet. Turen baud på overraskingar og utfordringar i fleire formar. Han imponerte med full score på teoriprøven sin, og slost i to knallharde graderingskampar mot medlemmar av kamplaget Team Skedsmo. Erik bestod graderinga si med glans, og er no den andre medlemmen med svart belte i klubben, utanom instruktør Trond Schøyen Høgi.


ERIK KREKEN NESET MED SVART BELTE
Kor lenge har du trena?
”6 år ca, tida flyr når du har det gøy.” Flirer Erik. Han kunne lett slått seg på brystet med at han er blant dei mest erfarne utøvarane i Sogndal klubb, men slike skryterier legg han sjeldan utpå.
Nokre spesielle tankar rundt det å ta svart belte?
Etter nokre sekundar ettertanke svarar Erik at, ”det er ekstremt kjekt å få det til etter så lang tid,” og det skal vere sikkert at han har hatt ei ventetid. Ved to føregåande anledningar har Erik hatt sjansen på å ta svart belte, og begge gongane vart sjansen snappa ut av hendene hans fordi klubben bytte forbund. Erik likar den nye graden sin: ”eg er kommen så høgt at det vert vanskelegare, og utfordringane vert stærre. Det er kjekt, fordi eg då føler eg kan litt meir.”
Kva andre fritidsaktivitetar har du?
”Eg driv med Free Running, (urban akrobatikk,) trommer, 4H og Tae Kwon Do”
Kva vil du framover?
”Eg kunne godt tenke meg å komme inn på Elektrofag her i Sogndal. Innanfor idretten har eg lyst å kome vidare, lyst på 2. dan.”
