Du er her : Startside  »  Idrettar  »  Taekwondo  »  Praktisk informasjon

Sogndal Taekwondoklubb - Treningstider sesongen 10/11

Treninga er i gymsalen på Trudvang Skule

Tirsdag  kl. 18:30 - 20:00 (Vaksne)

Onsdag kl. 16:00 - 17:00 (Kids - 1 til og med 4. klasse)

Torsdag kl  16:00 - 17:00 (Vaksne)

 

NB! Det kan på kort varsel på endringar i treningstida.

Det skuldast at klubben ynskjer å tilby våre utøvarar fleire treningstimar, men har pr dags dato ikkje tilgang på fleire timar i gymsalen.

 

Treningspriser

Det koster kr 500,- pr semester, dette inkluderer medlemskap i Kampsportforbundet.  Første semester er frå skulestart om hausten til juleferien. Andre semester er frå skulestart etter nyttår og fram til sommarferien.

 

For å kunne trene må du vere medlem i Sogndal idrettslag. Dette er viktig då medlemskontingenten inneheld forsikring for utøvaren. For barn under 16 år  kostar det kr 150,- pr år. For vaksne er prisen  kr 250,- pr år. Ein kan også melde inn heile familen for kr 475,- pr. år.  Klikk på denne linken Medlemsskap for å komme til skjema for innmelding i idrettslaget.

 

Påmelding

For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, fylle ut klubben sitt påmeldingsskjema og betale treningskontingenten for semesteret. 

 

Treningskontingent må betalast inn til Sogndal Taekwondoklubb og bankkontonr: 3720.15. 34047.

NB! Det er viktig at du skriv på namnet til utøvaren/utøvarane på giroen slik at vi veit kven som har betalt.  

 

Prøvetrening

Er du nyfiken på korleis det er å trene saman med oss eller usikker på om Taekwondo er like kjekt som det ser ut til å vere, så kan du delta på fire treningar utan å betale treningsavgift.

 

Treningsdrakt

Den stilige Taekwondodrakta vår kan du bestille ved å fylle ut bestillingsskjema.  Drakta kostar kr 350,-.  

 

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller ein beskjed du vil formidle, kan du kontakte desse personane:

Instruktør Trond (97190725 eller e-post verex91@hotmail.com ) når det gjeld trening og gradering.

Styreleiar, Arnfinn (91160764 eller e-post sognatre@online.no ), når det gjeld administrative rutiner og organisering.

Kasserar, Sidsel Kinserdal, når det gjeld betaling av treningskontingent.

Webansvarelg, Jan-Erik, når det gjeld det som er å finne på denne websida.


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin