Sogndal Taekwondoklubb - Treningstider hausten 2011
Treninga er i gymsalen på Trudvang Skule
Tirsdag kl. 18:30 - 20:30 (5. klasse og oppover - pensum)
Torsdag kl 16:15 - 17:15 (1. til og med 4. klasse - Kids Kick)
Torsdag kl 17:15 - 18:30 (5. klasse og oppover)
NB! Det kan på kort varsel på endringar i treningstida.
Det skuldast at klubben ynskjer å tilby våre utøvarar fleire treningstimar, men har pr dags dato ikkje tilgang på fleire timar i gymsalen.
Treningspriser
Pris eit semester pr. utøvar, skal betalast inn på kontonummer 3720.15.34047.
Husk merk innbetaling med namn på utøvar.
kr 250,- for 6-10år Kids Kick kr 500,- for 11-20år kr 750,- for over 20år
Når betaling for trening er registrert av kasserar, blir klubben sine instruktørar informert slik at dei
som har betalt kan delta på treningane. Alle utøvarar vert innmeld i Norges Kampsportforbund.
For å kunne trene må du vere medlem i Sogndal idrettslag. Dette er viktig då medlemskontingenten inneheld forsikring for utøvaren. For barn under 16 år kostar det kr 150,- pr år. For vaksne er prisen kr 250,- pr år. Ein kan også melde inn heile familen for kr 475,- pr. år. Klikk på denne linken Medlemsskap for å komme til skjema for innmelding i idrettslaget.
Påmelding
For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, fylle ut klubben sitt påmeldingsskjema og betale treningskontingenten for semesteret.
Prøvetrening
Er du nyfiken på korleis det er å trene saman med oss eller usikker på om Taekwondo er like kjekt som det ser ut til å vere, så kan du delta på fire treningar utan å betale treningsavgift.
Treningsdrakt
Den stilige Taekwondodrakta vår kan du bestille ved å fylle ut bestillingsskjema. Drakta kostar kring 400,-.
Overtreksdrakter kan òg bestillast, klikk her for info.
Kontakt oss
Har du spørsmål, eller ein beskjed du vil formidle, kan du kontakte desse personane:
Instruktør Trond (97190725 eller e-post verex91@hotmail.com ) når det gjeld trening og gradering.
Styreleiar, Arnfinn (91160764 eller e-post sognatre@online.no ), når det gjeld administrative rutiner og organisering.
Kasserar, Sidsel Kinserdal, når det gjeld betaling av treningskontingent.
Webansvarelg, Kristin , når det gjeld det som er å finne på denne websida.