Symjeklubben tilbyr fyljande aktivitetar sesongen 11/12:
1. Babysymjing
2. Vasstilvenningskurs
3. Symjetrening for born/ungdom og for vaksne
BABYSYMJING
Borna vert her inndelt i grupper etter alder og kor vande dei er i vatnet. Gruppene får 30 minutt kvar i vatnet, og gruppene startar difor til forskjellige tider. Dette får de informasjon om fyrste laurdagen. Les også infoskriv og påmeldingsskjema over.
Dato for babysymjinga i første halvdel av 2012 er enno ikkje fastsett.
VASSTILVENNINGSKURS
Informasjonsskriv om vasstilvenningskursa
Påmeldingsskjema vasstilvenning
Treningsstad er symjebasssenget på Fosshaugane.
Oppstart vert tysdag 17.januar frå klokka 17.00 og utover.
Alder: frå 4 år og oppover.
Varighet: 10 tysdagar og 30 minutt kvar gong, mellom klokka 17.00-18.00
Pris: kr 800,-
Tider for ulike nivå: (les infoskriv over)
17.00-17.25 Nivå: Kval (Forelder/føresett er med borna i vatnet)
17.30-18.00 Nivå: Skilpadde og pingvin
18.05-18.50 Nivå: Selungen (Byrjar med symjetrening)
Angåande kurspåmelding
Dei som ynskjer å delta på vasstilvenningskurs eller babysymjing må fylle ut skjema og sende dette som vedlegg i ein e-post til symjegruppa sin kasserar, Rolf Martin Breisnes. Ta med kvittering for at kontigenten er betalt innan to veker etter oppstart.(Ved spørsmål ring 932 23 046)
SYMJETRENING
Oppstart etter jul: 9.januar klokka 18.00
Måndag kl 18:00 - 19:30, for barn og ungdom, 4. klasse
Måndag kl 19:30 - 21:00, for vaksne, 25 (Masters trening)
Tysdag kl18:00 - 19:00, for barn 4. klasse
Onsdag kl 15:00 - 16:00, for barn og undgdom, 4. klasse
Torsdag kl 18:00 - 19:30, for vaksne, 25 (Masters trening)
Treningsstad er i symjebassenget på Fosshaugane.
For barn og ungdom er treningskontingenten kr 500,- pr semester i sesongen 11/12. Det blir gitt 25% søskenmoderasjon. Treningskontingenten for master trening er kr 400,- pr semester.
Første semester er frå skulestart om hausten til juleferien.
Andre semester er frå skulestart etter nyttår og fram til første veka i juni.
NB! For å kunne trene må utøvar vere medlem i Sogndal idrettslag. Dette er viktig då medlemskontingenten inneheld forsikring for utøvaren. Medlemskontingenten er kr 150,- for barn under 16 år og kr 250,- for vaksne. For heile familien er kontingenten kr 475,- pr. år. Les meir om dette her.
Påmelding
For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, fylle ut eit påmeldingsskjema, og sende dette som vedlegg i ein e-post til symjegruppa sin kasserar, Rolf Martin Breisnes. Vi ber om at dette blir gjort før utøvaren møter til sin første trening. Ta med kvittering for at kontigenten er betalt innan to veker etter oppstart.
Påmeldingsskjema symjetrening
Prøvetrening
Om du er nyfiken på korleis det er å symje saman med oss eller om symjingtrening faktisk er like kjekt som det ser ut til, då kan du delta på to måndagstreningar utan å betale.
Kontakt oss
Har du spørsmål, eller ein beskjed du vil formidle, kan du kontakte desse personane:
Trenar, Kari Therese, når det gjeld trening.
Styreleiar, Egil, når det gjeld administrative rutiner og organisering.
Kasserar, Rolf Martin, når det gjeld påmelding og betaling av treningskontingent.
Reiseleiar, Jan-Erik, når det gjeld spørsmål i samband med turar.
Webansvarleg, Sture Førre, når det gjeld det som er å finne på denne websida.