Treningsstad er symjebasssenget på Fosshaugane.
SYMJETRENING
Måndag kl 18:00 - 19:30, for barn og ungdom, 4. klasse+
Måndag kl 19:30 - 21:00, for vaksne, 25+ (Masters trening)
Onsdag kl 15:00 - 16:00, for barn og undgdom, 4. klasse+
Torsdag kl 18:00 - 19:30, for vaksne, 25+ (Masters trening)
Treningsstad er i symjebassenget på Fosshaugane.
Første trening er måndag 30. august klokka 18.00.
For barn og ungdom er treningskontingenten kr 500,- pr semester i sesongen 10/11. Det blir gitt 25% søskenmoderasjon. Treningskontingenten for master trening er kr 400,- pr semester.
Første semester er frå skulestart om hausten til juleferien.
Andre semester er frå skulestart etter nyttår og fram til første veka i juni.
NB! For å kunne trene må utøvar vere medlem i Sogndal idrettslag. Dette er viktig då medlemskontingenten inneheld forsikring for utøvaren. Medlemskontingenten er kr 150,- for barn under 16 år og kr 250,- for vaksne. For heile familien er kontingenten kr 475,- pr. år.
Påmelding
For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, fylle ut eit påmeldingsskjema, og sende dette som vedlegg i ein e-post til symjegruppa sin kasserar, Rolf Martin Breisnes. Vi ber om at dette blir gjort før utøvaren møter til sin første trening.
Påmeldingsskjema symjetrening
Prøvetrening
Om du er nyfiken på korleis det er å symje saman med oss eller om symjingtrening faktisk er like kjekt som det ser ut til, då kan du delta på to måndagstreningar utan å betale.
Kontakt oss
Har du spørsmål, eller ein beskjed du vil formidle, kan du kontakte desse personane:
Trenar, Kari Therese, når det gjeld trening.
Styreleiar, Egil, når det gjeld administrative rutiner og organisering.
Kasserar, Rolf Martin, når det gjeld påmelding og betaling av treningskontingent.
Reiseleiar, Jan-Erik, når det gjeld spørsmål i samband med turar.
Webansvarleg, Sture Førre, når det gjeld det som er å finne på denne websida.