Du er her : Startside  »  Idrettar  »  Orientering  »  Turorientering

Turorientering

med barneturar på skogsvegane og stiar 
  
Turorientering er eit trimtilbod for alle aldersgrupper. Det går ut på å finne postar som er plasserte ute i terrenget. Eit av formåla er å oppmuntre til å legge turen til nye stader. Nokre av dei første postane er likevel i det same terrenget som for 3 år sidan. Desse er lagde mest med tanke på nye deltakarar. Deltakarane får poeng for kvar post dei er innom. På posten heng ei klippetang, og ein klipper i kontrollkortet. Dei raude og kvite postflagga finst oftast på trestammar, vardar og liknande
 

Turorienteringspostane for 2010 er no på plass. 16 postar i Kaupangerskogen. Frå Skytebana mot Storehogen, lette å finna og lette å nå, egnar seg for fam. med små barn. 14 postar ligg i Sogndalsdalen. Frå Nuken til Torstadnakken. Desse postane er meir krevjane å nå, men så får ein løn for strevet når ein kjem fram: Mange poeng og flott utsikt.  Eit par av desse postar er enno ikkje komne ut på grunn av mykje snø i området, men vert lagt ut så snart det er mogeleg å koma seg fram.


O-konvoluttar får ein kjøpt på Intersport i Sogndal og Shell på Kaupanger.

Info
For å få premie må ein ha kjøpt konvolutten med kart og klippekort.
Dersom fleire i same familien vil sende inn kort, kan ein kjøpe ekstra klippekort.
Premieutdeling i oktober. Vi  kommer tilbake til tidspunkt.
 
Postane heng ute til ca 15. oktober. NB! Hjortejakt midt i september.
Etter sesongen sender ein klippekort til Rune Aa, Holteigvegen 19, 6854 Kaupanger.
Skriv poengsummen din på klippekortet.

 



Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin