Turorientering
med barneturar på skogsvegane og stiar
Turorientering er eit trimtilbod for alle aldersgrupper. Det går ut på å finne postar som er plasserte ute i terrenget. Eit av formåla er å oppmuntre til å legge turen til nye stader. Deltakarane får poeng for kvar post dei er innom. På posten heng ei klippetang, og ein klipper i kontrollkortet. Dei raude og kvite postflagga finst oftast på trestammar, vardar og liknande
O-gruppa i Sogndal har i år eit nytt opplegg med kombinasjon av trim og kultur. Deltakarane kan bli kjende med mange av stølane i Kaupanger. I alt 14 postar er plasserte på eller ved stølar. Kjenner du de gamle stølene og gamle husmannsplassene i Sogndal? I år er nemlig dette tema for turorienteringen. Nå kan du kombinere artig og lærerik trim med kulturopplevelsen med å oppsøke de flotte stølene i området.
I tur-O-konvolutten ligg eit hefte med informasjon om kvar støl. Greitt å lese når ein er på staden. Kva for gardar høyrer stølen til, om stølsjenter, drift, korleis og kor lenge. Historikar Anders Timberlid har vore velvillig og stilt noko av sitt materiale til disposisjon. Det er difor ein forsmak på litt av bygdeboka som kjem i 2012. Så har Jan Talsethagen skrive litt om husmannsplassen Holt, som er første posten.
Turorienteringa har som før nokre postar for dei minste, mest langs skogsvegar. Lett å ta seg fram med barnevogn og sykkel. Planen var at første posten skulle bli ei spennande skattejakt etter gamle husmurar i det tette, mørke og litt skumle granfeltet på Kaupangerholten. Men det skar seg. Siste veka har store skogsmaskiner ruska gjennom granfeltet, gjort det opnare og lagt att eit tjukt lag av greiner på kryss og tvers. Difor er husmurane kanskje meir gøymde no.
Ja, postane skulle vore fordelte over heile kommunen. Men bli med likevel, så kan stølane vest for fjorden stå for tur neste år.
O-konvoluttar får ein kjøpt på Intersport i Sogndal og Shell på Kaupanger.