Norsk og Koreansk forsvarstradisjon kom saman i Fredrikstad
[COPYRIGHT]
 

Norsk og Koreansk forsvarstradisjon kom saman i Fredrikstad

(12.06.2010 14:41:00) | 347 visingar


 

Trond Schøyen Høgi med 2. dan og to nye utøvarar med svart belte i klubben. Les meir om sommarleiren 2010....


 


 

Noko meir enn 150 Taekwondo utøvarar var samla helga 11. til 13. juni for å trene og gradere seg på årets sommarleir. Årets leir var lagt til gamleby`n i Fredrikstad, som har lange og stolte forsvarstradisjonar. Med andre ord ei vakker ramme og ein verdig arena for utøving av forsvarsteknikk.
I Fredrikstad fann utøvarar i alderen 6 til 60 år fellesskap og glede i sporten sin. Som foreldre og tilskodar var det ekstra flott å sjå at dette er ein sport som bind saman utøvarar på tvers av alder og generasjonar. Sogndal Taekwondo klubb sin tropp utgjorde 22 utøvarar og nesten like mange som støtta og klappe frå tribuna. I tillegg til utøvarar frå Sogndal og Skedsmo, var klubbar frå Trondheim, Nausdal, og Kolbu representert.
Dei heile blei ”overvåka” og leia av Grandmaster Kim, som hadde med seg ein liten hær av underoffiserar til å hjelpe seg. Grandmaster Kim har sjølv svart belte 8 Dan.
Laurdag var det trening frå kl 09:00 til kl 17:00. Søndag opna med trening og siste fin puss av teknikken.
Før sjølve graderinga starta var det lagt inn ei økt med oppvisning og Taekwondo stunts av utøvarar frå Skedsmo Taekwondo klubb.
Søndag presis kl 12:00 starta graderinga av 124 utøvarar. Dei to yngste til å grader seg er fødd i 2001 og den eldste fødd i 1964 (alle frå Skedsmo). Heile 12 utøvarar graderte seg i kategoriane 2.  til 5. Dan svart belte. Desse utøvarane må prestere på svært høgt nivå med millimeter presisjon. I tillegg må dei utføre flygande spark og knuse fleire lag med harde steinblokker. Frå tribuna vart det raust delt ut aplaus, og det vart observert tåre i opp til fleire augnekrokar.
Sogndal sin utøvarar gjorde som alltid ein flott figur. Heile 18 av våre kom seg gjennom Grandmaster Kim sit strenge nålauge. Liste med namn og grad står lenger ned på sida.
Det var Skedsmo Taekwondo klubb som var vertskap for årets sommarleir. Laurdag kveld var det grilling og sosialt samvær på Fredrikstad motell og camping.
Heile arrangementet gjekk smertefritt. Det var kjekt å vere tilreisande. Alt ”funka”, både det sportslege og det sosiale. Sjølv om værgudane var litt grinete la ikkje det noko dempar humøret.
STOR  APPLAUS til Skedsmo Taekwondo klubb !!
Desse utøvarane frå Sogndal graderte seg:
Lillian Pedersen 8.cup - Gult belte
Marie Petterson 7.cup - Grøn stripe
Bente Karin Vigdal 7.cup - Grøn stripe
Edward Tandberg 6.cup - Grønt belte
Eline Ylvisåker 6.cup - Grønt belte
Olivia Høgi Schøyen 6.cup - Grønt belte
Silje Sva 6.cup - Grønt belte
Sara Lysgård 6.cup - Grønt belte
Kristin Ylvisåker 6.cup - Grønt belte
Nicolai Lie Kortner

5.cup

- Blå stripe
     
Ola Kinserdal 3.cup - Raud stripe
Malin Hundere 3.cup - Raud stripe
Tonje Torvanger 3.cup - Raud stripe
Runar Langeteig 1.cup - Svart stripe
Øystein Myklemyr 1.dan - Svart belte
Sondre S. Årethun 1.dan - Svart belte
Trond Schøyen Høgi 2.dan - Svart belte

Klubben gratulerar alle med flott prestasjon og nytt belte!

Ekstra stas er det for Øystein Myklemyr og Sondre S. Årethun som klarte svart belte.

Og sist, men ikkje minst, gratulerar vi klubben sin hovudtrenar - Trond Schøyen Høgi - som no har gradert seg til svart belte med 2 Dan.



 

  Comments

Sogndal med storeslem i orienteringsløpet Haustbløyta
Created by Karl Helge Albertsen in 05.09.2010 21:52:55

Den tradisjonelle "Haustbløyta" blei avvikla i Helgåsmarka i Naustdal med Tambarskjelvar IL som arr... Read More..


KM Ultra 18. august
Created by Karl Helge Albertsen in 05.09.2010 21:44:22

Breimsbygda IL arrangerte KM Ultra 18. august. Anna Lunestad vant KM-gull i sin klasse D55. Sverre ... Read More..


Treningsløp 31. august og 1. september
Created by Karl Helge Albertsen in 05.09.2010 21:40:07

Treningsløpet gikk ved Kaupanger skule / Mårkjetaholet. Sidan det var arrangert Haustbløyta den 1. ... Read More..


Treningsløp Svartavatnet 24. og 25. august
Created by Karl Helge Albertsen in 05.09.2010 21:36:17

20 deltakere var med på treningsløpet på Svartavatnet den 24. og 25. august. Read More..


Treningsløp 17. og 18. august
Created by Karl Helge Albertsen in 05.09.2010 21:31:59

Sidan det var KM i oltralang i Breim onsdag den 18. var dette treningsløpet berre for N-løparar.... Read More..


Babysymjing!
Created by Symjing SIL-gruppe in 03.09.2010 13:10:47

Symjegruppa startar opp med aldersinndelt babysymjing 25.09.2010 Read More..


4. beste i Europa og ny Norges rekord
Created by Taekwondo SIL-gruppe in 13.08.2010 23:57:56

Dag Endre presterte god i sitt fyrste internasjonale stevne Read More..


Taekwondoklubben startar opp att med treninga
Created by Taekwondo SIL-gruppe in 13.08.2010 23:20:44

Første treningskveld er tysdag 24. august. Read More..


Kjekk sesongavslutting
Created by Taekwondo SIL-gruppe in 13.08.2010 21:51:15

Ein flott sesong vart markert og avslutta i Pizzabakeren sine lokale den 17. juni. Read More..


Fjord-O 2010 ein suksess
Created by Karl Helge Albertsen in 09.08.2010 22:14:21

14. til 18. juli gikk orienteringsløpet Fjord-O Nordvestgaloppen 2010 i Sogn. Arrangementet ble ein... Read More..



Du er her : Startside  »  Idrettar  »  Langrenn  »  Resultat


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin