[COPYRIGHT]
(06.06.2010 15:53:00) | 288 visingar
Nye flotte symjeprestasjonar.
Tradisjons tru avslutta symjeklubben sesongen med deltaking på Førde sprinten.
Som namnet på stemnet avsløre så er Førde sprinten eit reint sprintmeisterskap.
Meistarskapet blir årleg avviklar førstunde i juni. Denne helga kjem dei sprekaste symjesprintarane frå heile vestlandet til Førdehuset for å måle krefter i bassenet. Dei raskaste gjer unna 50m fri ned mot 25 sekundar og sym 100m fri på kring 54 sekund. Så her er det mykje inspirasjon å hente for kommande og lovande symjarar.
I år stilte åtte av Sogndal symjeklubben sine utøvarar til dyst. Alle åtte leverte flotte prestasjonar med fleire nye personlege rekordar. Blant anna Bjørn Christian Weinbach, som forbetra sin pers på 100m fri med over 15 sekund. Han kom i mål på tida 1,22,2. Ein flott prestasjon, vi gratulerar.
Vidare deltok desse utøvarane frå Sogndal symjeklubb:
Eirin Vedvik, Tobias Sæthre, Ingrid Ask, Johann Sebastian Weinbach, Markus Kvinge Aalen, Gunnvor Einevoll Fimreite og Jorun Davidsen Fimreite.
I tillegg til det sportslege legg klubben alltid stor vekt på det sosiale når vi deltek på symjestemner. I år som i fjor blei dei sosiale aktivitetane laurdag ettermiddag lagt til Egil Fimreite si hytte på Eikeland. Nær 20 personar sov (nokre modige sjeler i telt), grilla, sparka fotball, flørta og tørka handdukar på residensen til klubben sin leiar. Enkelte meinar å ha observert sjølvaste Ronaldo under fotballkampen, som dessutan blei vunne av dei vaksne takka vere "Ronaldo" sine kjappe og elegante prestasjonar framfor motstandar målet. Alle synst vi hadde ein flott tur…
Symjeklubben takkar utøvarar, trenarteamet og støtteapparatet (foreldre og besteforeldre) for årets sesong, og ynskjer alle velkommen tilbake hausten 2010.
Første trenging blir måndag 30. August.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om neste sesong, men kan alt no love at det vil bli auka aktivitet. Symjeklubben har styrke trenarteamet og satsar på å kunne tilby fleire treningar, med plass til fleire og yngre symjarar.
Her føle nokre foto frå turen til Førde den 5. og 6. juni.
Det kjem fleire foto (blant anna frå fotballkampen på Eikeland) seinare.
Symjegruppa startar opp med aldersinndelt babysymjing 25.09.2010 Read More..
Dag Endre presterte god i sitt fyrste internasjonale stevne Read More..
Første treningskveld er tysdag 24. august. Read More..
Ein flott sesong vart markert og avslutta i Pizzabakeren sine lokale den 17. juni. Read More..
14. til 18. juli gikk orienteringsløpet Fjord-O Nordvestgaloppen 2010 i Sogn. Arrangementet ble ein... Read More..
Handballjenter fødd 1994 og fødd 1995 skal i haust ha dugnad på Sogndal Fotball sine heimekampar.... Read More..
Hei! Ellen England er ny lagleiar. Fleire lagleiarar kjem på plass etter kvart. Hallgeir... Read More..
Nå er de to første løpa av Fjord-O Nordvestgaloppen 2010 over. Etter at ordfører Jarle Aarvoll høyt... Read More..
14.-18. juli går Fjord-O Nordvestgaloppen 2010 av stabelen i Sogndal. Det er allerede påmeldt over ... Read More..
Denne uka var løpet på vakre Arnfinnstølen på Kaupanger. Robert Tellvik arrangerte med hjelp fra To... Read More..