Du er her : Startside  »  Idrettar  »  Barneidrett  »  Informasjon

Treningsavgift 2009/2010

 

Vi reduserer prisen litt frå tidlegare år, og treningsavgifta i år blir kroner 400 for barn nr 1 og kr 200,- for barn nr 2.

Dette gjeld for gruppene 0-3 år og 4-5 år.

 

For 1.-4. klasse har vi i samband med tilbudet på 10 torsdagar med handballjentene sett treningsavgifta til kr 150 pr barn.

 

Barneidretten treng instruktørar - og får vi mange nok som er interesserte vil det bli aktuelt å arrangere aktivitetsleiarkurs for dei som er interressert. Vi ber om at dei som er interessert tek kontakt med ein av oss i styret. Vi treng også fleire som kan tenke seg å gjere ein jobb for styret i barneidretten, så det er berre å melde seg. Hadde vore kjekt å kunne fordele oppgåver på litt fleire (lite møter)


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin