Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel


Frekvensprosjektet
[COPYRIGHT]
 

Frekvensprosjektet

(26.08.2009 09:14:00) | Skrive av: Styrkeløft | 764 visingar


 

I desse dagar føregår det eit prosjekt i Oslo kor ein av medlemane i styrkeløftgruppa deltek.


 

Frekvensprosjektet

 

Underteikna deltek i desse dagar som forsøksperson  i eit treningsstudie som går under namnet ”Frekvensprosjektet”. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norges Styrkeløftforbund (NSF) og Norges Idrettshøgskule (NIH). I denne samanheng ønskjer ein å undersøke om det er landslagstrenar Dietmar Wolf sine styrkeløftprogram, (som ein kan finne på NSF si heimeside) basert på 3 treningsdagar i veka som er det beste for å bli sterkare, eller burde ein heller dele opp treninga i større grad, og trene 6 dagar i staden med tilsvarande treningsmengde. Det er dette landslagsløftaren Alexander Kirketeig ønskjer å finne  svar på.

 

I ei heil veke har 28 styrkeløftarar frå heile landet vore samla i Oslo for testing av maksimalløft utan utstyr i knebøy, benkpress og markløft, testing av spenst, MR og røntgen undersøking av låra. Resultata frå testane er bl.a. med på å styre belastninga i programmet utøvarane skal trene 13 veker fram i tid, der halvparten gruppa skal trene 6 dagar i veka og resterande del av gruppa skal trene 3 dagar i veka, fram mot junior-NM i november. Ei ny samling vert gjennomført etter NM der utøvarane skal gjere dei same testane for å sjå kven som har fått best resultat.

 

I tillegg vart det gjennomført trenar- og dommarkurs, noko som var svært lærerikt. Så det har vore ei spennande veke der ein fekk treffe mykje kjekke folk, og hadde mykje artige stunder med grilling og masse god mat. 

 

Les meir om frekvensprosjektet i linken her.

 

Styrkeløftgruppa v/Roger Navarsete 

 

 



 


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin