Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel


Kva er styrkeløft?
[COPYRIGHT]
 

Kva er styrkeløft?

(11.08.2009 11:15:00) | 514 visingar


 

Styrkeløft er ein idrett som består av øvingane knebøy, benkpress og markløft.


 

I konkurransesamanheng kan ein enten velje å vere med i styrkeløft (der ein deltek i alle tre øvingane i respektiv rekkefølgje som nemnt ovanfor) eller benkpress som enkeltgrein. Utøvarane delt inn i vekt- og aldersklassar. Det kan gjennomførast inntil tre løft i kvar øving, der tyngste løft i kvar øving vert summert.  Dette saman med kroppsvekta gir grunnlag for ein kalkulert poengsum. For poengutrekning nyttar ein seg av Wilks Koeffisienttabell for kvinner og Wilks koeffisienttabell for herrer.

 

I konkurransesameheng er det lov å nytte følgjande utstyr;

Knebøy; knebind, knebøydrakt, belte og sko.

Benkpress; handleddsbind, benkpresskjorte, belte og sko.

Markløft; markløftdrakt, belte og sko.

 

Det er ikkje påkrevd å bruke utstyr, men sidan ein klarer å løfte eit høgre antall kilo med utstyr, er det ein fordel å nytte dette.

 

For å sjå kva som blir løfta i dei ulike klassane, kan du trykkje på linken under:

Nasjonale resultat

 

Rett utføring av dei 3 øvingane kan du sjå under:

 

Knebøy

 


 

Benkpress

 

 

 

Markløft

 

 

 

Styrkeløftgruppa v/Renate Buene



 


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin