[COPYRIGHT]
Nyoppstarta volleyball-lag G 92-93
(11.05.2009 14:54:00) | 496 visingar
Nyoppstarta volleyball-lag G 92-93
Nyoppstarta volleyball-lag G 92-93
Det nyoppstarta laget som har trent i vinter, deltok på si første turnering i Naustdal 9. mars 2008. To sigrar og eit tap gav verkeleg meirsmak for volleyballen for dei sju gutane som var med.
Det var ein spent gjeng som la iveg til sine første kampar, men Håkon Bøe Hitland, Stian Walaker, Eskil Kvåle, Louis Aleksander Anda, Joakim Rutlin, Sindre Tjørhom Myrvang og Simen Loftesnes saman med trenar Jan Morten Loftesnes var godt nøgde etter kampane.
Det vart tap 2-0 for Førde, siger 2-1 over Bremanger og siger 2-0 over Fjellhug/Vereide.
Foto: Håvard Myrvang