
[COPYRIGHT]
Turorientering 2010
(6/11/2010 10:46:00 AM) | 271 visingar
Turorienteringspostane er no på plass. 16 postar i Kaupangerskogen. Frå Skytebana mot Storehogen, lette å finna og lette å nå, egnar seg for fam. med små barn. 14 postar ligg i Sogndalsdalen. Frå Nuken til Torstadnakken. Desse postane er meir krevjane å nå, men så får ein løn for strevet når ein kjem fram: Mange poeng og flott utsikt.
Eit par av desse postar er enno ikkje komne ut på grunn av mykje snø i området, men vert lagt ut så snart det er mogeleg å koma seg fram.
O-konvoluttar får ein kjøpt på Intersport i Sogndal og Shell på Kaupanger.