Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel


Årsmøte og sosialt samvær
[COPYRIGHT]
 

Årsmøte og sosialt samvær

(02.06.2010 20:29:00) | Skrive av: Alpint | 500 visingar


 

Fredag 28. mai hadde alpingruppa årsmøte med påfølgjande sosialt samvær på Kvåle skule.


 

På agendaen var mellom anna gjennomgang av årsmelding, rekneskap for 2009, budsjett for 2010/2011 og rekneskap pr. dags dato. Som vanleg på årsmøtet var det val.
 
Det nye styret er:
Mona Foss,  leiar 1 år
Jostein Reppen, styremedlem 1 år
Bente Reidun Nornes, styremedlem 2 år
Gro Lerum Bondevik, styremedlem 2 år
Leiv Dag Hollekve, styremedlem 1 år
Geir Foss, styremedlem 1 år
Per Øvreseth, styremedlem 1år
 
Etter årsmøtet kosa små og store seg med kaker, kaffi og saft. Det er alltid kosleg å treffast og få utveksla idear om m.a. korleis me kan utvikle alpingruppa vidare.
Me ynskjer selvfølgeleg at alpingruppa skal bli endå større, og at flest mogleg skal ha det moro på alpin. Me kryssar fingrane for mykje snø til vinteren og god aktivitet i Hodlekve. Med den nye barneheisen og gode snøforhold ligg alt til rette for det.
 
Alpingruppa er i aktivitet heile året, og no er det barmarktreningar som står i fokus. På denne tida er det treningar for 11 år og eldre onsdagar og torsdagar på kvåle stadion. På seinsommaren/hausten startar barmarktreninga for dei yngste att og.
 
Om ein vil vere med på skisamlingar på denne tida er heller ikkje det umogleg. Ein del av alpinistane våre reiser på samling på Juvass allerede 11-13 juni.
 
Me ynskjer alle velkomne i alpingruppa og til å ha det moro på ski.
Skulle de ynskja å starta allerede no på barmark (11 år og eldre) eller til hausten, blir me glade for å høyra frå dikka
 
Det er berre å ta kontakt med:     
Geir Foss (trenar) tlf 97563731   eller   Mona Foss (leiar) tlf 41566038



 


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin