
[COPYRIGHT]
Sognastevne
(22.05.2010 18:45:00) | 163 visingar
Styrkeløftgruppa deltok på Sognastevne i Årdal 8.mai.
Jotun IL arrangerte Sognastevne 8.mai for styrkeløft og benkpress-enkeltløft. To løftarar frå styrkeløftgruppa var med. Roger Navarsete deltok i benkpress-enkeltløft. Han var nære på å få opp 190 kg, men ein skade i armen gjorde sitt til at han ikkje lykkast denne dagen.
Dag-André Mo deltok i styrkeløft. Han løfta serien 200-262,5-180 henholdsvis i knebøy, benkpress og markløft. Dette gav totalt 642,5 kg og han kvalifiserte seg dermed til NM i styrkeløft 5-8.juni i Sande. Mo sette også uoffisiell norgesrekord i benkpress. Løftet var 2 kg over gjeldande rekord. Rekorden kunne ikkje godkjennast sidan løftet vart gjort på ein klubbstevne.