
[COPYRIGHT]
Nordfjord Cup 16.-18.april 2010
(4/13/2010 3:30:00 PM) | Skrive av: Earle Highbay | 409 visingar
Nordfjord Cup rundar av handballsessongen for denne gong.
Transport og informasjon kring helgas happening kan du lese meir om under.
Reise
Avreise frå Sogndal skysstasjon kl 15.30 fredag 16. april.
Vi køyrer heim etter kampen på sundag.
Spelarar:
Joakim, Torstein, Kristian, Erlend, Preben, Marcus, Eirik, Sander, Sondre, Jørgen og Trym.
Det er mange vaksne som er med, og minst to som søv i klasserommet på Stryn ungdomsskule med laget kvar natt. Leif er lagleiar fredag, og Vibeke laurdag og sundag.
Ta med :
Ta med sovepose og liggeunderlag, i tillegg til kamputstyr og det du elles treng for ei helg i hall og på flatseng. Ta med badebukse i fall vi går i symjehallen. Hugs vassflaske og ball! Merk ball og treningstøy med namn og telefonnr.
Lommepengar
Deltakarkortet dekker frukost laurdag og sundag, og middag (ganske tidleg servering) laurdag og sundag. Alle må ha med pengar til varm mat fredag og laurdag kveld, til felles innkjøp av frukt og litt lommepengar elles.
Kampar
Vi spelar fem kamper med ein omgang á 15 minutt.
Fredag kl 18.18 og 21.18,
Laurdag kl 12.32 og 16.12, og
Søndag kl 11.18.
Spelereglar…
På banen følgjer vi handballreglane
.
Utanfor banen er vi eit lag som held saman, og der leiarane har siste ordet når det gjeld kva vi skal gjere.
Vi gler oss til ei fin helg på cup!
