
[COPYRIGHT]
Skjeldan god gradering av Malin Hundere
(28.03.2010 11:00:00) | 620 visingar
Malin var ein av nær 30 utøvarar frå Sogndal med solide taekwondo prestasjonar som klarte å komme seg gjennom master Morten sitt graderings "nålauge".

"Sogndal Taekwondoklubb har all grunn til å vere stolt av sine utøvarar. Alle som graderte seg gjorde gode prestasjonar" sa Master Morten etter at utøvarane hadde gjennomført dei praktiske øvingane.
"Spesielt er eg imponert over Malin Hundere sin prestasjon. Det ho viste oss i dag, er noko som eg i løpet av mine 20 år som utøvar har sett berre nokre få andre Taekwondo utøvarar prestere. Det gjer at Malin fortenar å gå direkte frå grønt til blått belte." avslutta master Morten, som sjølv har svart belte 4. dan.
Det er så sjeldan at ein utøvar graderar seg direkte frå grønt til blått at master Morten ikkje hadde teke med eit blått belte til Vevring i Nausdal. Sjølve graderinga tok stad i Vevring Taekwondoklubb sine treningslokale. Det var også Vevring Taekwondoklubb, med Lasse Lerum i spissen, som på ein fram i frå måte arrangerte denne trenings- og graderingshelga.
På samlinga var det ca 45 Taekwondo utøvarar frå Sogndal Taekwondoklubb og Vevring Taekwondoklubb, pluss mange tilreisande og stolte foreldre. Dei yngste utøvarane er 6 år og den eldste har vist nok runda 50 år. Det er ikkje til å tru når du ser dama lange ut luftige spark og kontante slag. Det skal også vere sagt at ho gjorde ei flott gradering. Vi gratulerar henne og dei andre utøvarane med nye belte og flotte prestasjonar.
Her er fleire bilde frå ei triveleg helg med trening, sosialt samvær og spennande gradering.