Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel


Sogndal - fylkesmeistrar og klar for 3. divisjon
[COPYRIGHT]
 

Sogndal - fylkesmeistrar og klar for 3. divisjon

(3/20/2010 4:00:00 PM) | Skrive av: Handball | 1888 visingar


 

Alle gode ting vart tre, og på tredje forsøk om opprykk lukkast dei! Handballdamene knuste Dale i opprykkskampen i ettermiddag og vann overbevisande 28-21. Sogndal vart fylkesmeistrar og fekk utdelt pokalen på heimebane.


 

Sogndal tok leiinga frå start og sleppte aldri Dale inn i kampen. Etter 17 minutt leia Sogndal med 10 mål. Dale prøvde, men kom aldri nærare enn 6 mål og truga i realiteten aldri Sogndal i denne kampen. Sogndal vann til slutt, svært velfortent, med sju mål.

 

Publikum laga skikkeleg liv og var fantastisk med frå første sekund, og synte at dei også var klare for 3. divisjonhandball. 

 

Med på vinnarlaget vårt i dag var: Bjørg Berge Sævereid, Hedda Fotland Hough, Guro Tjørhom Myrvang, Hilde Kinserdal, Marte Broch Hauge (6 mål), Vilde Solbakken (2 mål), Trude Navarsete (5 mål), Malin Hovden (3 mål), Camilla Bugge (1 mål), Line Ryssmo (1 mål), Sigrid Skjerdal (1 mål), Malin Kristoffersen (6 mål), Marte Navarsete og Kristin Hopstock Torgersen (3 mål).

Lagleiarar: Sølvi Skartun, Berit Svidal, Oddny Barsnes og Susanne B Mead.

 

Vi gratulerer og ynskjer Sogndalsdamene lukke til med nye utfordringar i 3. divisjon!!

 

 

 



 


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin