
[COPYRIGHT]
Krinsmeistarar i slalom og storslalom
(22.02.2010 22:02:00) | 306 visingar
Laurdag 20. februar og søndag 21. februar arrangerte Stryn IL krinsmeistarskap i slalom og storslalom.
Sogndals jentene imponerar framleis. Sist helg under KM slalom og storslalom som vart avvikla i Stryn tok dei nesten alle palleplasseringane begge dagane
Laurdag gjekk slalom av stabelen der Ingrid Nornes i 12-13 år vart kretsmeistar. Søndag var det storslalom der også Ingrid vart kretsmeistar med Sunniva L Hollekve på 2. plass og Marianne Tvedt på 4. plass.
I jenter 14-15 år gjekk seieren begge dagar til Carina Øvreseth. Laurdag vart Anna Høgi Schøyen nr.2. 1 hundredel framfor Susanne England Reppen på 3. plass. Søndag vart Susanne nr.2 med Anna som nummer 3.
Sander Ness kom på 2. plass begge dagane i 12-13 gutar, medan Brede Senneset Aaberge vart nr. 6 i slalom og nr. 3 i storslalom på søndag.
Framifrå innsats frå alle Sogndals-alpinistane.
Alpingruppa gratulerar!

Foto: Leiv Dag Hollekve
Resultat KM SL 20.02.10
Resultat KM SSL 21.02.10