Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel



[COPYRIGHT]
 

NB! Ekstra ski-cup kveld tysdag 2. mars med premieutdeling

(16.02.2010 22:24:00) | 359 visingar


 

I samband med at vi i år er med i Telenor-karusellen, har vi no fått tilsendt premiar for dei som har delteke i minst 2 renn i alderen til og med 12 år.  


 

Vi arrangerer difor ein ekstra cup-kveld med premieutdeling der vi oppmodar alle med eitt renn eller meir å stille, og motta premien sin.

 

Vi beklagar at vi ikkje kjem med informasjon om dette før no, men utsending av premiar frå leverandør har vore ein del forseinka, så vi har ikkje fått dei før no.

 

Vel møtt til ein fin cup-kveld i Hodlekve tysdag 2. mars, med registrering frå kl 17.30.

 

Vi vil i tillegg, som tidlegare år, ha ei eiga premieutdeling i kulturhuset for dei som har 4 renn eller meir i ski-cupen, samt for dei som har sanka poeng på ski-karusellen. Endeleg dato for dette er ikkje fastsett, men vil sannsynlegvis bli tidleg i mai. Nærare informasjon om dette vil bli kunngjort på heimesida og Sogn Avis seinare.



 


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin