
[COPYRIGHT]
Barneidrett 4 og 5-åringane, oppstart 3. mars
(05.02.2010 17:49:00) | 373 visingar
Barneidretten for 4-5 år har fått instruktørar og startar oppatt etter vinterferien.
Ingunn Hatlevoll Stavø og Margrethe Stedje vil frå og med onsdag 3. mars ha barneidrett for 4 og 5 åringar i same tidsrom som for 0-3 års gruppa. Det kan bli trangt om plassen - men campus-salen har ikkje ledige treningstider for vårsesongen. Til hausten reknar vi med å vere tilbake med same treningstider som før med ei gruppe 17-18 og ei gruppe 18-19.
Vi ønskjer alle 4 og 5 åringane velkomen tilbake i campus-salen. Vi vil halde fram med aktivitet til og med 28. april.