Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel



[COPYRIGHT]
 

Ut på skøyter - is på Trudvang skule

(11.01.2010 21:27:00) | 320 visingar


 

Det er laga skøyteis på Trudvang - og her er isen garantert trygg!


 

Det er laga skøytebane på Trudvang - alle sammen ut og prøv. Husk hjelm! det kan fort bli litt knall og fall, men det er moro likevel. Det er litt kaldt å stå i ro og sjå på så det er berre å skaffe skøyter til heile familien så held de varmen med aktivitet heile gjengen. Det kan vere at ein kjenner nokre nye musklar etter å ha stått på skøyter for første gang, men det er vel ein litt god følelse på nyåret for alle med nyttårsforsetter.??!!

Etter ein tur på isen er det godt å kome heim ein til ein kopp med varm kakao! Nyt vinteren og skøyteisen så godt de kan!

Eitt fint alternativ til skigåing i Hodlekve for dei som synest det er litt stress å rekke dette ein tirsdags ettermiddag - Trudvang er rett rundt hjørnet for dei fleste i Sogndal. Og det er sikkert laga skøytebaner andre stader også (t.d. Rutlin)

 

Ha ein fortsatt fin vinter alle små og store i Sogndal  og så kan det godt fortsette med litt mindre kaldt ver - men vi vil ikkje ha noko mildver heilt enda.

 

 



 


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin